– Myrer lagrar kanskje meir CO2 enn skog, seier Ola Betten, fagansvarleg naturforvaltning hos Fylkesmannen.

Han arbeider for tida med eit prosjekt på Osmarka der grøfta myr blir restaurert tilbake til naturleg tilstand. Frå å vere kraftfulle lager for CO2 og andre klimagassar, vil myrer – straks dei blir grøfta – i staden sleppe ut mykje CO2.

Derfor er 8–10 myrområde i Norge valde til å bli restaurert tilbake til naturleg myr, mellom dei Aspåsmyran på Osmarka.

Blokkerer 10 km med grøft

Området utgjer ein liten del – ca. 80 mål – av Aspåsmyran naturreservat, der Stig O. Jacobsen er grunneigar (sjå eiga sak).

– Korleis skjer arbeidet, Betten?

– Målet er å få opp nivået på grunnvatnet. Det skjer ved å legge små demningar tvers over dei rundt 10.000 meter med grøft som er i området. Da vil grøftene slutte å fungere, vatnet stig, og spreier seg i bakken. Terrenget blir fuktigare, og vegetasjonen vil endre seg av seg sjølv seier Betten.

Og:

– Da kjem torvmosane raskt tilbake, og vi får artar som lagrar mykje karbon. Dette er klimaeffekten i prosjektet.

Det var den lokale entreprenøren John Aspaas som vann tilbodet, og begynte arbeidet i starten av november. Betten trur at ein tredel av jobben er gjort, og at det står igjen 2–300 arbeidstimar.

– Men det tar si tid for prosessen å verke, kanskje ti år før myra er i naturleg tilstand igjen.

Låg godt til rette

– Korfor akkurat Aspåsmyran?

Stor interesse for myr og klima

Betten fortel at det har skjedd veldig mykje på feltet restaurering av myr som klimatiltak dei siste par åra:

– Det har blitt eit veldig fokus på å bevare og restaurere myr og andre våtmarker. Stortinget løyver dobbelt så mykje til dette i 2017 som i fjor, og spør etter forslag til område som passar.

Men på same tid er temaet konfliktfylt:

– Myrer er jo ein viktig ressurs på fleire vis. I mange kommunar er myrer kanskje dei einaste områda ein kan dyrke opp.

Dyrka opp myr i Aukra og Fræna

Utnytting av myrområde har vore vanleg i Møre og Romsdal. Til dømes er store myrområde i Aukra og Fræna blitt dyrka opp.

– Berre i tida frå krigen og fram til midten av 1990-talet blei 220.000 mål myr dyrka opp her i fylket. Og meir har det blitt etter 90-talet, seier Betten.

Kinderegg

Det er ikkje berre god klimaeffekt som er målet med å restaurere myr. Når ei grøfta myr førast tilbake til naturleg, våt tilstand, vil ho også dempe flaumar fordi ho tar opp mykje meir vatn; ho vil reinse vatn, og ho vil betre den økologiske balansen. Det siste skjer når torvmosar og anna vegetasjon kjem tilbake og betrar tilhøva for våtmarksfugl, insekt og andre dyr.

Nybrotsarbeid i Norge

– Når dette er eit pilotprosjekt – kva er det dokker ønsker å finne ut?

– Det er ikkje fullt så ambisiøst som det høyrest ut. Poenget er at det nesten ikkje er gjort slik restaurering i Norge før, og at vi no har komme i gang. Vi tek i bruk teknikkar som har vore brukt i Sverige og Finland tidlegare. Dette er eit nordisk samarbeid der Statens naturoppsyn følger opp ute i felten.

Solveig Silset Berg er saksbehandlar for prosjektet hos Fylkesmannen, medan Michael Eklo følger prosjektet tett for Statens naturoppsyn.

Restaurert myr blir CO2-lager igjen. Her er jorddemningar på tvers av grøftene, lagt i november. Det hevar vasstanden og startar tilbakedanninga til myr. Foto: Fylkesmannen
– Ein har nesten ikkje restaurert myr i Norge før, seier fagansvarleg naturforvaltning hos Fylkesmannen, Ola Betten. Foto: Venstre