– No er det stor manko på fersk fisk. Første fisken som blir landa får god pris om kvaliteten er bra. Til dømes betalte eg i dag, fredag, 30 kroner for torsk tatt på snurrevad (ei slags not). For garnfisk vart prisen 20 kroner. Tilsvarande hyseprisar var 18 og 12 kroner.

Pengar å tene

Avgjerande for prisen er om fisken kjem levande eller død om bord. På snøre, line og snurrevad er fisken som regel levande, kan bløggast, får fin kvalitet og kan blankpakkast. På døgnståtte garn vil ein god del fisk vere død og ha dårlegare kvalitet. Slik fisk går til mellom anna klippfisksalting.

60 båtar totalt

O. Skarsbø AS er einaste fiskekjøparen att i Romsdal. Rundt 60 båtar leverer i Harøysund i løpet av året. Halvparten er «pensjonistbåtar», resten er i levebrødfiske. Berre «Hellskjær» er att av dei store garnbåtane i Fræna. Før var det fire-fem. Resten av flåten er sjarkar.

Fiskeprisar

Fiskekjøparen i Harøysund trur torskeprisen vil halde seg om lag som i fjor, på 20 kroner pluss. For sei kan kiloprisen bli 14 kroner.

– Vi sender ut mykje fersk fisk, og det lønner seg best. For fersk fisk på vinteren får vi same kiloprisen som for klippfisk om sommaren, rundt 55 kroner. Til 1 kg klippfisk går det med 2 kg fersk fisk, seier Odd Skarsbø.