Ungdata-undersøkinga på oppdrag frå Sandøy kommune viser at det er fleire som ikkje trivst på skolen og færre som er fornøgd med si eiga helse samanlikna med ei tilsvarande undersøking utført i 2015.

Inviterer til samling

– Dette er så alvorleg at ordførar og folkehelsekoordinator vil invitere foreldre og lokalsamfunnet til ein samla innsats for å auke trivselen for barn og unge i kommunen, fortel folkehelsekoordinator Lene Breivik i si oppsummering.

– Vi vil ta med oss resultata i dialog med foreldre og politikarar, slik at vi kan skape ei felles forståing av utfordringsbilete og saman kome vidare i arbeidet med å auke trivsel og helse blant ungdommane i kommunen vår.

Mange tema

Ungdata er eit kvalitetssikra og standardisert system for lokale spørjeundersøkingar. Elevar på ungdomstrinnet har svart på spørsmål som omhandlar eit bredt spekter av tema (foreldre og vener, skole, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse og trivsel, rusmiddelbruk, risikoåtferd og vald).

Bekymra over resultata

– I kommunen ser vi med bekymring på resultata. Vi har hatt dialogmøte på tvers av etatar. Frå 2015 er fleire tiltak sett i verk. Samarbeid mellom skolen og skolehelsetenesta er styrka.

Det skjer mellom anna gjennom program for elevane med fokus på psykisk helse. Denne inkluderer ei detaljert oversikt over tenesta sitt tilbod og tiltak i kvart skuletrinn, frå skulestart til 10. klasse.

Har fleire tiltak

Av konkrete døme kan nemnast oppstart av Zippys vener i 1–4. klasse, eit tiltak for å jobbe systematisk med å fremme god psykisk helse og eit godt klassemiljø.

Psykologisk førstehjelpsskrin er eit sjølvhjelpsverktøy for barn og ungdom i 5.–7. klasse. I tillegg skal 8.–10. klasse starte opp undervisningsopplegget «Alle har ei psykisk helse» dette skuleåret. Målet er at elevane skal verte i betre stand til å møte utfordringar når livet vert vanskeleg å meistre.

Tiltak tek tid

– Førebygging tek tid, og tiltaka som no er starta opp vil vi følgje tett for å sjå om det har ønskja effekt på trivsel og psykisk helse, skriv Breivik.

Harøy skole utarbeidde i 2014 plan for det psykososiale miljøet til elevane. Målet er å systematisere og vise korleis skolen ønskjer å arbeide med elevane sitt psykososiale miljø.

Mindre aktivitet

Undersøkinga viser også at færre elevar er aktive i ein fritidsaktivitet og dei brukar meir tid på skjermaktivitet enn for halvanna år sidan. Likevel seier fleire at dei trenar minst ein gong i veka.

Dei er meir sosial på nettet og er mindre ute på besøk med kvarandre. Dei saknar møteplassar for unge, dette kan sjåast i samband med at ungdomsklubben «Kvalen» har vore stengt ei periode. Men er no opna igjen.

Sak i elevrådet

Elevrådet har hatt Ungdata oppe som sak. Dei jobbar aktivt med konkrete tiltak for å fremme trivsel og læring. Dei synest og at det er ei stor støtte at rektor deltek på møta sine.

Folkehelsekoordinator Lene Breivik er bekymra over det Ungdata-undersøkinga viser om tilhøva ved Harøy skole. Foto: Agnar Gjendem