Fræna, Tove Henøen (Sp): 15 færre flyktningar (frå 40 til 25)

– Vi busette 25 flyktningar i 2016 og er godt i gang med 25 nye i 2017. Det er same tal som kommunestyret vedtok for 2016/17, og i tråd med det vi meiner vi har kapasitet til å ta imot.

Eide, Egil Strand (H): 3 færre flyktningar (frå 15 til 12)

– Eide tar imot innanfor det talet vi har vedtatt. Bustader er enklare å skaffe no enn før, så det ser greitt ut inn i 2017. Talet som kjem og får innvilga opphald, vil endre seg i løpet av året, så det er umulig å spå. Vi får bidra så godt vi kan, med det talet vi som liten kommune kan følge opp.

Nesset, Rolf Jonas Hurlen (H): 8 færre flyktningar (frå 18 til 10)

– Vi er godt førebudde. Dei siste åra har vi bygd opp eit tverrfagleg samarbeid med god kompetanse på det busettingane medfører. Utfordringa vår er mangel på tilgjengelege bustader. Opphavlege planla vi for 10 flyktningar i 2017, men var positive til å auke kvoten etter tilstrøyminga i 2015. Så eit lågare tal no, er greitt for oss.

Midsund, Odd Helge Gangstad (Sp): 5 færre flyktningar (frå 15 til 10)

– Vi er godt førebudde på å ta imot flyktningar i 2017. Talet kan endre seg under året og vi er førebudde på alle endringar som måtte komme. Men ikkje ut over det maks-talet kommunestyret vedtok.

Gjemnes, Knut Sjømæling (Sp): 5 færre flyktningar (frå 15 til 10)

– Vi har apparatet på plass for å ta imot 10 flyktningar i 2017. Busettinga vil bli lettare når det kjem færre, sidan vi har ei utfordring med å skaffe bustader.

Vestnes, Geir Inge Lien (Sp): 12 færre flyktningar (frå 27 til 15)

– Vi er godt førebudde. Vi har omstilt oss etter nedlegginga av asylmottaket, og konsentrerer oss no om busetting. Vi begynte i 2016 med busetting av 2017- kvoten, etter avtale med IMDI. Kommunane bør førebu seg på endring i talet på asylsøkarar og flyktningar. Mykje avheng av internasjonal politikk og avtalar landa imellom. Elles tek vi til etterretning at det er varsla lågare tal for 2017.

Rauma, Lars Olav Hustad, (H): 12 færre flyktningar (frå 30 til 18)

– Vi er førebudde, og ser fram til å ta i mot dei som kjem. Kommunane er vande med endringar på kort varsel, derfor går endringa greitt for oss. I ei slik sak er det jo alltid vanskeleg å føresjå kor mange som vil trenge hjelp.

Sandøy, Oddvar Myklebust (Ap): 2 færre flyktningar (frå 12 til 10)

– Vi er no bedne om å ta imot 10 flyktningar, men har planlagt for 16. Vi har god kapasitet, og bygger no nye bustader.Vi må akseptere at talet er blitt lågare, men vil likevel arbeide for å få busette 16 flyktningar.

Aukra, Bernhard Riksfjord (Ap): 9 færre flyktningar (frå 24 til 15)