Nei, det er ikkje alle juletradisjonar eg gret over å gje slepp på. Mødrene våre og fedrene våre følte nok ei langt tyngre plikt til å føre familietradisjonane vidare enn vi gjer. Mykje stoppa med dei.

Først og fremst skulle alt vere skinande blankt og reint til jul. Folk, klede og hus. Frå loft til kjellar. Alt skulle vere på stell til jul. Messing og koppar skulle pussast så det glitra, gardiner skulle vaskast og strykast, filleryer skulle skrubbast – om det ikkje var vevd nye til jul, då. Kvar ein mørk krok skulle vere gullande rein før moder tende alle avslørande lys. Dette var før vi fekk luksus som innedo og dusj. Ungane skulle skrubbast for det. Ein sinkstamp vart rigga til på kjøkengolvet, fylt med varm vatn, og så vart vi ungane bada etter tur. Dei yngste først. Vi ynka oss og sutra litt når mor skrubba rygg og hals med ein ekstra grov klut, men lærte etter kvart å innfinne oss med det også. Skulle det bli jul måtte vi vere rein på halsen!

Ungane gjekk i stampen i stigande aldersrekkefølgje, i same vatnet. Skura av mor vart vi nesten heilt til vi var kjønnsmodne. Til slutt var det far sin tur. Det blei eit smått komisk syn når den digre, kvite kroppen skulle krølle seg nedi den vesle sinkstampen, og som vi fekk eit glimt av før vi vart jaga på dør. Det fekk vere måte på kva små, sarte sjeler skulle utsetjast for. Men bak stengde dører høyrde vi at far ynka seg, han også. ”Auu! Stopp, det er då for svarte ikkje kjellargolvet du skrubbar”, høyrde vi han rope ut i fortviling og smerte ein gong mor var ekstra hard med ryggskrubben.

For kjellargolva var ei anna skrubberite som gjekk inn i førjulsrituala. Kjellargolva skulle ikkje berre vere reine. Dei skulle vere kvitskurte. Med skuresand. Sjølv om kjellaren var aldri så grov og uinnreidd skulle golva vere kvite.

Vi ungane vart stundom sett til denne jobben. Og vi hata det, og prøvde å ligge langt unna når vi skjøna at operasjon kjellargolv nærma seg. Først skulle golva feiast, deretter grovvaskast, før du gjekk laus med ei grov striefille og skuresand. Dette var litt grov sand, hovudsakeleg knust skjell og kokkelur som vi henta ute på holmane. Og vi måtte legge såpass press på at sanden vart ytterlegare finmalen mellom skurefilla og det grove betonggolvet. Slik danna det seg eit fint, kvitt lag som lyste opp på dei mørke golva. Men gutenevane var illraude med blødande skrubbsår på kvar ein knoke.

Ein desemberdag på slutten av femtitalet, eg var vel 6-7 år, vart det oppdaga at kassa med skuresand var tom. Seks år eldre bror Finn fekk ansvaret. Eg skulle vere med som hjelpar. Dette var ein av dei fine desemberdagane vi kunne ha den tida. Klart, fint austavèr. Men sprengkaldt. Og vi måtte koma oss over på holmane. Jolla hass Konrad og hass Alfred vart løysinga. Men den sto inne på sjøbua og måtte heisast på sjøen med vinda. Vinde er altså ei heiseinnretning basert på ein stor trommel rundt ein aksling som heisetauet vert vikla opp på, der krafta blir overført gjennom å hale i eit tau som går i ei bukt ned frå trommelen. Jollen visste vi var ekstra tung. Det var ein grunn til at den berre vart kalla «Blybota». For rundt heile skroget var sprekker og hol i bordgangane tetta med faststifta platebly.

Men vi fekk buksert «Blybota» på sjøen og kom oss om bord. Allereie no var neglebitten der. Trass i godt tova ullvottar, verka og banka det i små gutefingrar. «Slå floke», seier bror min, han har alt sett seg til årene for å ro. Eg flaksar og slår med hendene, slik eg har sett dei vaksne karane gjere det, men det hjelper ikkje. No byrjar det banke innanfor beksaumskorne også. Men storebror tillet ikkje noko sutring. Skal det bli jul må vi ha skuresand.

Så var vi framme ved det grunne sundet mellom Midtholmen og Ystholmen, der den beste skuresanden fantest. Ikkje for grov, ikkje for fin. Det var i denne typen sand vi også fann dei største fjøremakkane, når vi var ute og spadde etter agn til flyndre- eller hyselina. Men det var ikkje ærendet no. Finn spadde sand i medbrakte sinkbøtter og trebuttar. Eg sutra, hutra og skalv i den bitande desemberlufta.

Bøttene vart snart fulle, no var det å kome seg over att. Men først måtte Finn også slå floke, han banka og slo så blanke nasedropar skvatt rundt han. Det banka og verka med han også no. Men vi fekk etter kvart bøttene om bord, rodde over Skjærsundet, fekk sandbøtter i land, og fekk «Blybota» heist opp og inn på sjøbua slik at Konrad og Alfred ikkje skulle merke at den hadde vore i bruk.

Vi kom oss heim, og opp under jul fekk vi varmen i oss att.

Eit anna rituale vi måtte ta del i, var vedsaging. Han Torhus frå Bolsøya hadde vore der med vedbåten tidlig i haust, no var tre famner bjørkaved komen i hus og tørka vidare. No skulle den sagast opp i to og kløyvast, slik at den lett gjekk inn i koksomnen på stua. Men den store vedsaga var vanskeleg å få til å gå rett. Bladet skar seg fast, hoppa og spratt og var vanskeleg å halde styr på. Men ingen nåde. Skulle det bli jul måtte vedbingen vere full…

Løna fekk vi vesle julaftan. Då det vart fyrt i den store koksomnen i soverommet på loftet. Og vi fekk krype ned i vame, reine sengeklede, med Tuss og Troll og Smørbukk, som vi så langt berre hadde fått tjuvkikka i, på nattbordet. Der låg også eit par kakemenn som vi hadde fått med oss, trass i at vi hadde pussa juletennene. O salige stund. Gløymt var neglebitt om bord i «Blybota», gløymt var skrubbsår på knokane, gløymt var vrange vedkubbar og ryggskrubb i sinkstampen.

Lykke. Laurdag er det julaftan.