Guten fortalde heime kor mykje han gledde seg til den årlege skulegudstenesta i Kleive kyrkje før jul. Men i år er det ikkje pengar til busstransport.

– Ein kjær tradisjon

I «På tråden» i Romsdals Budstikke fortalde ei mor nyleg om den store skuffelsen sonen opplevde da det blei klart at julegudstenesta i år blir i gymsalen, og ikkje i Kleive kyrkje.

– Juleavslutninga i Kleive kyrkje har blitt ein kjær tradisjon. Han seier at det er først da han kjenner at det har blitt jul, fortel mora.

Ho vil ikkje ha namnet på trykk av omsyn til sonen.

– Julegudstenesta har vore i kyrkja alle åra han har gått på Skjevika. No når det blir på skulen i staden, blei det ein skikkeleg nedtur. No snakkar han om velje det alternative opplegget i staden, fortel mora.

Ho legg til at ho gladeleg ville stilt opp med skyss eller betalt bussbilletten for sonen, viss ho hadde visst om saka tidlegare.

– Men eg fekk ikkje vite om dette før det var bestemt.

Pengane avgjer

Inger Lise Eidhammer er rektor ved Skjevik barne- og ungdomsskule. Ho fortel at dei sende ut informasjon om opplegget tysdag kveld, med julegudsteneste eller alternativt opplegg, og med begge deler på skulen denne gongen.

– Korfor bryt dokker tradisjonen og legg skulegudstenesta til skulen i år, i staden for i kyrkja?

– Det kostar ganske mykje å leige buss for å frakte elevane, sjølv om ein del av dei bur på Kleive. Vi hadde ein tur til Kleivevatnet tidlegare i år, det kosta 14.500 kroner for busstransporten tur retur. Det er nesten tre pc-ar hos oss. Det handlar om økonomi, seier rektoren.

Skulegudstenesta, som skal vere 21. desember, har pleidd å vere avslutninga, slik at elevane drar rett heim etterpå.

– Viss vi skulle køyrt alle til skulen igjen etter gudstenesta og avslutta der, ville det kosta 29.000 kroner i buss for den eine dagen. Slik har vi ikkje gjort det på fleire år, seier Eidhammer.

Alt på skulen

Slik opplegget blir i år, med alt på skulen, gir det høve til å ha juleavslutning i kvar klasse den 21. desember, fortel ho.

Eidhammer seier at fleire skular har gudstenesta på skulen, ikkje i ei kyrkje. Det gjeld mellom anna Kvam skule.

– På Skjevika har vi også hatt gudstenestene på skulen tidlegare, men det er rett at vi har vore i Kleive kyrkje i fleire år.

– Kva for reaksjonar har du fått på endringane i år?

– Eg såg at nokon skreiv på Facebook tysdag kveld at dei var skuffa. Men til meg har det ikkje kome nokon reaksjonar – korkje frå tilsette, elevar eller foreldre, utover Facebook.

– Kva tenker du sjølv?

– Eg skulle gjerne vore i kyrkja. Det er ikkje så kjekt å måtte prioritere, men vi er nøydde til det. Og gudstenesta på skulen får akkurat same innhald som i kyrkja. Dette blir ei prøveordning, så skal vi evaluere og sjå kva vi gjer neste år.

Juletradisjonar verda rundt

Det livssynsnøytrale alternativet for dei som ikkje vil på gudsteneste, skal handle om juletradisjonar verda rundt. Påmeldinga har frist neste veke. Til vanleg vel ca. 15 av dei 210 elevane det alternative opplegget.

Alle utanom Kvam

Sokneprest Grethe Lystad Johnsen i Molde domkyrkje fortel at alle skulane i Molde by kjem til domkyrkja i år, utanom Kvam.

– Praksisen på Kvam heng nok saman med at det var gudstenester julaftan på Kvam skule i fleire år, seier ho.

Fagsjef skule, Ivar Vereide, var ikkje kjent med at Skjevik flyttar gudstenesta til skulen for å spare pengar, da Budstikka kontakta han. Han ønska ikkje å kommentere saka.

– Skulegudstenesta før jul har vore i Kleive kyrkje alle åra sonen min har gått på Skjevika. Det har blitt ein kjær tradisjon. No er han skikkeleg skuffa, seier mora. Foto: Erik Birkeland