– Norsk Hummer er ikkje på eigarsida med oss, og økonomiske utfordringar har det vore heile vegen. Vi er ikkje avhengig av Norsk Hummer, men vil gjerne ha dei med i satsinga, fortel dagleg leiar Jan Kåre Brunvoll i Øya Sjømat AS.

Så langt har aksjonærane i Norsk Hummer sett over 100 millionar kroner forsvinne i hummarteinane. Denne veka skal dei godkjenne ein ny emisjon, skriv Finansavisa.

Gjort mykje arbeid

– Vi har gjennomført mykje arbeid, mellom anna miljøundersøkingar. Det er berre småtteri igjen, fortel Brunvoll.

Han hadde lagt opp til ein nytt folkemøte om prosjektet sist veke, men grunna sjukdom måtte det utsettast. Det første folkemøtet i oktober skapte rabalder. Norsk Hummer hadde på førehand laga eit informasjonsskriv, men det var openbert ikkje nok.

Var utfordrande

– Målet er å realisere havbeite i full skala for første gang i Norge. Sandøy skal vere ein pilot på korleis havbeitekonseptet kan settast ut i livet, orienterte havbeiteansvarleg Rådmund Steinsavåg under eit folkemøte på Harøya.

– Det var mange kritiske røyster og like mange spørsmål rundt prosjektet. At vi informerer godt og ikkje skaper uvisse betyr mykje, ikkje minst for meg som skal drive prosjektet. Det er mange rundt oss som har stor erfaring med hummarfiske og som kan bidra med sin kunnskap, seier Brunvoll.

Sterkt engasjement

Norsk Hummer og Øya Sjømat vil avle opp «havets kardinal» innanfor eit 33,6 kvadratkilometer stort område ved Senholmane. Samtidig skal hummarbestanden i havområdet rundt aukast. Kommune, næringsliv og lokale matprodusentar er samarbeidsaktørar.

Lokal fangst

Yngelen vert klekt frå villfanga hummar i klekkeriet på Tustna før dei vert sett ut i havbeiteområdet.

– Det er ein lang prosess, ikkje minst med søknader og eit tungrodd byråkrati å ta omsyn til. Det vil tok ta minst eitt år før vi er i gang. Dette er eit langsiktig prosjekt, kanskje er vi i gang i slutten av 2017, håper Brunvoll.

Senholmane er så langt ut at det ikkje kjem i konflikt med dei fleste av hobbyfiskarane.

Norsk Hummer og Øya Sjømat vil avle opp «havets kardinal» innanfor eit 33,6 kvadratkilometer stort område ved Senholmane. Foto: Statens kartverk
Havbeiteansvarleg Rådmund Steinsavåg i Norsk Hummer. Foto: Privat