40 år med kulturskole vert i desse dagar markert når Aukra kulturskole inviterer til konsertar på begge sider av Julsundet under årets kulturskoleveke. Motoren bak er kulturskolerektor Malin Solberg, dama som legg puslespelbitane slik at dei 210 elevane får akkurat det tilbodet dei ønsker seg, og får vist seg fram for stolte foreldre og besteforeldre.

Har 220 elevplassar

Vi møter kulturskolerektoren midt mellom førestillingane.

– Korleis har elevtalet vore gjennom desse 40 åra?

– Vi har vakse for kvart år. Eg er litt usikker på kor mange det var i oppstarten, men i 1999 hadde vi 139 elevplassar, ser eg. På det meste hadde vi 300 elevplassar, medan vi i dag har 220. Det inneber 5,1 årsverk. Vi ser at elevtalet har gått litt ned sidan vi flytta frå Breivik-skulen til gamle Riksfjord skole, utan at vi veit heilt nøyaktig kvifor. Vi må jo konkurrere med idretten, og så er det nokre som meiner vi ikkje er like tilgjengelege her vi er no, sidan bussen ikkje stoppar rett utanfor døra.

Store oppsettingar

For ti år sidan starta kulturskolen ein tradisjon med store oppsettingar. Den gongen markerte de 30 år med ei førestilling om Rokta-forliset. I år inviterte de frivillige frå alle samfunnslag til å bli med i den multikulturelle førestillinga «Fleire fargar».

– Kva er motivasjonen bak desse store prosjekta?

– Vi i kulturskolen skal vere ein arena for inkludering og meistring. Då er det viktig at vi er tilgjengelege. Ved å invitere frivillige med får vi ei viktig erfaringsutveksling med andre kulturinstansar. Det er eit ønske frå Norsk Kulturskoleråd at flest mogleg kulturskolar i Norge skal sette opp Fargespill for å integrere så mange som mogleg i kulturlivet. Fleire av innvandrarane og flyktningane som var med, er no elevar i kulturskolen. Litt av hensikta var jo å rekruttere, seier Solberg og legg til at dei vil køyre same opplegg neste år.

Bidrar til folkehelsa

Solberg fortel at skulen strekker seg langt for å få tilbod som er ønska.

– Klarer de å oppfylle alle ønske?

– Tidlegare leiarar ved kulturskolen i Aukra har gjort ein kjempejobb med å skape eit breitt og godt tilbod, og prøve ut nye ting. Det gjer at vi har kome langt i nasjonalt perspektiv. Samarbeidet med andre kulturskolar i regionen, samt private aktørar som Operaen i Kristiansund, gjer at vi har tilgang på kompetanse. Men det er eit puslespel.

– Korleis har kulturskolen si samfunnsrolle utvikla seg?

– I oppstarten hadde vi mest tilbod om musikkundervisning. Kulturskolen var involvert i kor og korps, og hadde tilbod i kulturskolen. Sidan har vi fått tilbod om dans, drama og kunst, og no er vi inne på mange samfunnsarenaer. Det er også mandatet vårt. Vi har musikkstund i barnehagen, instrumentopplæring i barneskolen, drama på mellomtrinnet og produksjon av førestilling på ungdomsskolen. I tillegg har vi musikkterapi for eldre og personar med demens, eit samarbeid med Aukra demensforeining – det har vore veldig givande og ein motivasjon for å styrke tilbodet vårt enda meir inn mot helsesektoren. Det vil vere vår moglegheit til å bidra inn mot folkehelsa.

Meir digital kompetanse

Solberg meiner framtida ser spennande ut.

– Vi ønsker å tilpasse tilboda våre til dagens teknologi – trekke til oss kompetanse på digitale verktøy for musikk og kunst. Vi ser jo at stadig meir musikk blir produsert på ei datamaskin. Og ikkje minst gler vi oss til å komme inn i det nye kulturhuset, som forhåpentlegvis står ferdig i 2021.

Malin Solberg må finne fram permen med kommunestyret sitt vedtak – og tidsplanen for kulturhuset.

– 2021, ja! Det er jo ikkje så lenge til, det!

– Kvifor er eit nytt kulturhus så viktig?

– No slit vi oss ut på å flytte utstyr og bygge opp produksjonar i andre lokale enn våre eigne. Det krev veldig mykje tid og planlegging. Vi ser fram til å kunne samle alle aktivitetane under eit tak, i nærleiken av vår eigen formidlingsarena. Slik kan vi få øve på ei scene når vi treng det. Vi ser også fram til å kunne samarbeide med dei andre aktørane i kulturetaten, og ikkje minst det lokale kulturlivet. Vi ønsker å skape eit levande sentrum – å bli eit kulturelt midtpunkt.

Malin Solberg legg seg bakover i rektorstolen.

– Du trivst i jobben din?

– Åja, eg er så glad og stolt av jobben min! Vi gjer ein viktig jobb og eg får så mykje igjen for det. Når elevane gler seg og føler meistring, gir det så mykje energi tilbake! Då veit du at det du gjer er viktig for andre. Kultur er noko grunnleggande, noko vi treng for livsmeistring og danning, for å lære oss sosial kompetanse og å kunne meistre livet. Det er så mykje livsglede i det vi driv på med!