– Vi vil prioritere ut frå den same tilnærminga som i fjor – fullt fokus på driftsnivå, ei fornuftig investeringstakt som er overkomeleg, og ikkje minst prioritere avsettingar i fond til seinare bruk, er rådmann Ingrid Husøy Rimstad tydeleg på.

Ho har budsjett og økonomiplan klar for politisk handsaming. Der nemner ho også eigedomsskatten, som ikkje har endra seg så langt. Men kanskje får dei ikkje ha slike enorme inntekter inn i evig tid?

Investeringar

Kommune har investert enormt dei siste åra, og nye store tiltak ventar. I økonomiplanperioden er det lagt opp til investeringar på rundt 471 millionar kroner.

– Investeringane i 2017 og 2018 er formidable, og krev naturlegvis eit auka låneopptak. Vi foreslår å ta opp 100 millionar kroner i lån til finansiering av Aukra omsorgssenter i 2017.

Store tiltak

Omsorgssenteret vil koste 186 millionar kroner. Julsundet skole og fleirbrukshus 108 millionar, begge plassert i 2017 og 2018.

Barnehageprosjektet Aukratun kjem mot slutten i planperioden med totalt 46 millionar. Kulturhus og basseng er også kome inn med eit større sum, det kjem med full tyngde siste året i økonomiplana. 134 millionar er berekna kostnad.

Omprioritering

– Når dette prosjektet kjem, betyr det at vi må prioritere andre investeringar ut. Eg er likevel særs nøgd med kva vi har funne rom til av investeringar, meiner rådmannen.

Fast avsetting

Den signaliserte endringa i inntektssystemet rammar Aukra, men ein reduksjon på 3,2 millionar kan kommunen leve med.

Kommunestyret gjorde ei god vurdering og vedtok å sette av 90 millionar kroner årleg frå 2016 og i 20 år til fastlandssamband.

– Desse midlane er øyremerkt fastlandsløysinga over Kjerringsundet. Til budsjettåret 2018 vil vi ha meir sikre prognosar på framtida for fastlandsløysing og når saka kjem opp, seier rådmannen.

Meirinntekt

Inntekt av eigedomsskatt vart høgare i 2016 enn forventa. Her rår rådmannen sterkt til at meirinntekta vert sett i fond for fastlandsløysing. Det er lagt inn 227 millionar kroner i eigedomsskatt i 2017.

Statsbudsjettet for 2017 satsar på tidleg innsats i skole, helsesøsterteneste og har òg eit fokus på kommunar der arbeidsløysa veks. I Aukra kommune har ein allereie innarbeidd dette i rammene til einingane.

Driftsnivået

Då budsjett og økonomiplan vart vedteken i fjor var det òg bestemt at driftsnivået skulle reduserast med åtte prosent dei neste tre åra. Det første året er snart passert, det har vore ein gjennomgang på nesten alle einingar. Det viser at rådmannen leverer no på heile bestillinga.