Det seier Kristoffer Lie Førde (19) frå Molde. Han er ein av fire idrettsstudentar ved høgskulen som Romsdals Budstikke har snakka med om kva folk trur om klimaendringane.

72 av 100 i  fylket svarte ja på spørsmålet om klimaendringane er menneskeskapte. 20 av 100 sa nei, medan 9 av 100 ikkje veit.

Skilnad i kjønn

I undersøkinga kom det også fram at menn og dei mellom 45 og 60 år trur minst på klimavitskapen, medan kvinner og yngre folk trur mest.

Trur mest og minst: Så mange svarer "ja" på spørsmålet om klimaendringane er menneskeskapte. Dei under 30 trur mest (82 prosent). Dei mellom 46 og 60 år trur minst (65 prosent «ja»). Men ja-svara aukar for dei over 60 år. Grafikk: Anita Vingen

Skilnad i alder

Kristoffer Lie Førde og dei tre andre idrettsstudentane ser ganske likt på årsaka til fleire ja-svar frå unge. Dei andre tre er Anette Solheim Malones (19) frå Molde, Ingeborg Ugelstad (24) frå Eide og Elise Ulfsnes (19) frå Kristiansund.

Elise: – Vi er nok meir bevisste på dette fordi det handlar om framtida vår. Og så har vi lært om miljø og klima sidan vi var små.

Ingeborg: – Vi lærte om kjeldesortering på barneskulen, ja.

Kristoffer: – Og vi hadde besøk av ei frå ein miljøvernorganisasjon. Ho snakka om global oppvarming og sa at vi er på feil kurs.

– Er klimaendringane noko tema blant vener?

Anette: – Ja. Og gjerne når det kjem noko om det på nyheitene. Og når foreldra våre fortel at været ikkje var slik før.

Kristoffer: – Så har vi jo fått Miljøpartiet De Grønne. Og Natur og Ungdom er aktive med å verve ungdom.

– Har dokker tru på at landa i verda greier å kutte nok utslepp til å nå målet om maks to gradar temperaturauke?

Anette: – Det har eg lita tru på. Det skal mykje til for å lykkast.

Elise: – Vi vil ikkje gi slepp på dei goda vi har. Vi utnyttar arbeidskraft andre stader i verda til å produsere billige varar for oss. Eg trur vi må endre lovene for å få til nokon endringar.

Kristoffer: – For å få til omlegginga er vi også avhengige av næringslivet og kva slags mål dei har. Og av oss sjølv som kundar.

– Kva gjer dokker sjølv for å bidra til mindre utslepp?

Ingeborg: – Eg sorterer søppel.

Anette: – Og så prøver vi å køyre fleire i kvar bil når vi er mange og har fleire bilar.

Kristoffer: – For min del er eg bevisst på ikkje å kjøpe meir klede enn eg treng.

Elise: – Eg prøver å la vere å skrive ut ting og heller lese det på PC-en. På vidaregåande printa dei ut tekstar til oss i massevis.

– Trur dokker forresten sjølv på at klimaendringane er menneskeskapte?

Anette: – Ja. Med alle utsleppa vi har, er det logisk at det er slik.

Kristoffer: – Klima endrar seg jo også av seg sjølv. Men eg trur vi påverkar det i stor grad, ja.

Ingeborg: – Eg trur også det er mykje ein kan gjere for å endre situasjonen.

Elise: – I Kina ser ein utsleppa veldig tydeleg, med tjukk tåke over byane.

– Kor bekymra er dokker for framtida med klimaendringar?

Elise: – Ganske bekymra. Det skjer store endringar på få år. Det var for eksempel mykje meir snø da eg var lita enn det er no for tida.

Kristoffer: – Ja. Forrige veke jogga eg i T-skjorte – i midten av oktober.

Anette: – Viss endringane held fram så fort som dei gjer no, vil vi merke alvorlege følger om få år. Isbreane smeltar og havet stig, og det skapar problem for dyra i desse områda.

Kristoffer: – Vi vil nok merke omfattande endringar her også. Etter kvart.