Vi skal vere med pensjonistane Nils Johan Gjendem og Kåre Gjendem. Frå ytre del av Frænfjorden utover til Skomakarneset i Stavika står ti stubbar med ti teiner i kvar og ventar. Dei 100 teinene har stått sidan måndag. No er det torsdag.

Det er ikkje så verst med krabbe i år. Siste turen gav rekordfangst på 22 kasser med til saman 500 kg, som vart levert hos O. Skarsbø AS like ved båthamna. Praktisk å kunne levere fangsten der ein har båten liggande.

Blank flate: Gamlebrygga til Odd Skarsbø speglar seg i den blanke sjøflata idet vi forlèt hamna i Harøysund kl. 07.54 om morgonen torsdag 13. oktober. Foto: Oddbjørn Harnes

Tidleg start

Fotografen ber om eit bilde av mannskapet ved rekka. Nils har køyrd frå Elnesvågen, Kåre over Fræneidet frå Visnes. Ingen har fått i seg første kaffikoppen enno. Nils forstår at det nok vil synast på fotografiet og ber om forståing for at kroppen ikkje er heilt i gang.

Vi kastar trossene og sig ut mot Rødseth-brygga. Der fyller vi opp begge dieseltankane, før turen kan ta til.

Klar for avgang: Nils Johan Gjendem (t.v.) og Kåre Gjendem har akkurat skreva om bord. Nils er sikker på at ein vil kunne sjå på bildet at dei ikkje har fått i seg kaffi enno. Foto: Oddbjørn Harnes

Kvalflokk

Vi rundar Harøyodden på Indre Harøya og kursar innover Harøyfjorden.

– Nei, har du sett. Kval!

Nils som står ved roret, peikar mot høgre og Gosse-landet. Kåre tørkar dogg frå rutene, slik at vi kan sjå betre. På høgde med Nyhamna og det store gassanlegget ser vi kval etter kval, i små flokkar. Det er grindkval på veg mot havgapet. Kvalen går etter mat og er ein kløppar til å finne den. Lenger inn møter vi endå fleire. Kåre seier at du kan gange kvalane du ser med ni for å finne totalen. Kvart dyr er oppe berre to-tre sekund. Det gjeld å følgje med.

Nyhamna: Her var det kvalstasjon før gassen kom. Då passar det godt at ein grindkval kjem forbi. Foto: Oddbjørn Harnes

Eit eventyr

Idet vi passerer Hamnneset og kjem inn i Frænfjorden, stig sola opp i aust over Skaret og kastar sine første strålar over landskapet.

Vi går inn sundet mellom den vesle øya Ålvoren og fastlandet på Hoem. Lenger fram ligg Langøya, der første stubben står. Naturopplevinga er magisk med spegelblank vassflate og låg sol inn i furuskogen oppå knausen. Her får eg også sjå ørnereiret i toppen av ei furu, som eg har høyrt om i alle år frå båtfolket i Elnesvågen. Reiret er tomt no. Frå det store byggverket av kvist har ørna orkesterplass til matfatet og kan segle rett ned på sjøen når eit bytte kjem forbi.

Gode historier

Turen inn hit har tatt ein times tid. Skipperen har det ikkje travelt og brukar lågt turtal, som sparer diesel.

– Eg og Trine Skei Grande har samanfallande interesser – ho ønskjer ein grønare skipstrafikk, eg  går saktare og sparer pengar, påpeikar den tidlegare Frp-politikaren med sans for økonomi.

I rorhuset kjem dei gode historiene, men dei er berre meint for oss tre der. Dei skal ikkje på trykk, korkje på Facebook eller i Romsdals Budstikke, får vi klar beskjed om. Så får vi halde det.

Bra fangst

Draginga tek til. Første teina er langt på veg full av krabbe.

– Det er typisk, mest krabbe i enden av stubben, seier Nils. Det kan ha å gjere med at endeteina dekker ein større sektor av botnen rundt. Kanskje det burde vore litt større avstand mellom dei andre teinene. Dei står på 25–30 meters djup, det kan sjå ut for at krabben er der akkurat no.

Opp frå djupet: Ei nær halvfull teine med krabber kjem opp frå Frænfjorden. Nils styrer halaren og hiver vegna opp på greiebordet bak seg. Foto: Oddbjørn Harnes

Etter kvart fyllest den første av dei 25 plastkassene, alle merkte med industrilogoen «Hitramat». Krabben skal til Hitra. O. Skarsbø i Harøysund er berre transittmottakar og sender romsdalskrabben vidare med bil.

Alt når første stubben er dregen, meiner skipperen at det neppe går å nå rekorden frå tidlegare i veka. Snittet er for lågt. Men, ein veit aldri før størstedelen av teinene er dregne.

– Det får bli det det blir, konkluderer Kåre.

Frænfjorden: Med Jendemsfjellet som bakgrunn kjem dei første hokrabbene om bord. Naturopplevinga under årets fiske er magisk sjøl for utevante fiskarar. Foto: Oddbjørn Harnes

Ingen hummar

Sakte, men sikkert jobbar vi oss utover fjorden att etter å ha dratt dei tre stubbane i Frænfjorden. Forbi Hamnneset, Kjørsvika og Stavika. Heilt innmed land står teinene, på rundt 15 famnars djup.

Vi er spent på om det er hummar å få. Ein hummar kan av og til gå seg inn i ei krabbeteine, men ikkje i dag.

Nils trur teinene står for djupt til det. Dessutan finst det lite hummar.

Det er altfor hard drift på hummaren, synest han.

– Vi har i år kanskje fått ti stykk. Halvparten har vore rognhummar, som vi har sett ut igjen i tråd med reglane. Blir det ikkje mindre fiskepress, trur eg det går gale med hummarbestanden.

Aktiv på dagtid

Dette er to blide pensjonistar som har det fole artig i lag og held seg i aktivitet etter eit langt yrkesliv. Desse to treng ikkje noko Aktiv på dagtid-tilbod. Dei held seg i gang sjøl. Arbeid gir helse, det er dei sikre på.

Tempoet er høgt, og pausar er ikkje tema. I styrhuset slenger dei innpå ei brødskive og ein kaffiskvett tre-fire gonger i løpet av den 7–8 timar lange arbeidsdagen. Det skjer alltid på veg mellom to stubbar, tida må nyttast til noko fornuftig.

To dagar i veka snur dei teinene, måndag og torsdag. Slik blir det også tid til mykje anna i pensjonistlivet.

– Det ligg i vår natur å stå på, svarar Nils når vi spør.

Tunge løft

Dei er søskenbarn og har sjølivet i blodet. Nils er båteigar og sjølskreven skipper. Kåre er habil dekksgut – eit arbeidsjarn. Det er tydeleg at han har vore på eit båtdekk før.

Teinehandteringa er godt gjennomtenkt og innarbeidd på den vesle dekksplassen som er til disposisjon. Mange tonn skal løftast og flyttast på ein dag, det gjeld å bruke handmakta rasjonelt. Ein effektiviseringsekspert ville ha funne lite å rette på her ut frå føresetnadene som ligg til grunn, det eg kan forstå.

Nils står ved rullen og halar. Han løfter teina opp på greiebordet og opnar den. Kåre tek ut krabbene, Nils legg inn nytt åte i agnposen. Agnet er fiskeavskjer frå filetfabrikken – ferske hyseryggar med hovud og spord. Kåre let att teina og legg den klar til setting med taukveilen oppå bak i båten.

«Sjølstressa dekksgut»

Dekksguten legg på ein skarp ein kvar gong han er uvørden og krabbekloa klappar saman rundt ein hanskekledd finger. Derimot, når ei godt fylt teine kjem over rekka eller andre oppløftande ting skjer, høyrest eit godlynt utrop. Vi førestiller oss at dette har han med seg frå dei store fiskebankar, der han har fore mykje opp gjennom åra.

Nils kommanderer av og til når han synest det trengst, men det er mest for spøk.

– Kåre kan ikkje stressast, han er sjølstressa, forklarer skipperen når dekksguten synest ting går for sakte eller noko går på tverke. Du høyrer det lett når ting skjer, for å seie det slik.

Godt kjent mann

Nils Johan Gjendem er ein godt kjent mann, mellom anna frå fire år som ordførar i Fræna fram til 2015. Syttitoåringen tek seg sjøl lite høgtideleg. Han har ikkje noko imot besøk om bord sjøl om han anar korleis folkepraten vil gå.

– Dei seier vel at no er PR-kåte Nils frampå igjen. Men det får stå si prøve, ler han fryktlaust.

– Om du skal samanfatte yrkeslivet ditt i eit nøtteskal, kva vil du dra fram?

– Det er så mangt, men kortversjonen er slik: Eg tok til i arbeidslivet som 12-åring. Var «halvløting» (hadde halv lott) på landnota til Bernhard Holten i Elnesvågen. Vi stengte sild. Du verden, det var ikkje noko som heitte HMS-reglar den gongen. Eg gjekk folkeskulen, men fekk fri når dei skulle kaste nota.

Så vart det framhaldsskule og realskule i Elnesvågen. Deretter til Forsvaret og verneplikt som 18-åring.

Men unge Gjendem fann snart ut at Flyvåpenet ikkje var nokon blivande stad.

Bygde kraftlinjer

Etter at plikttenesta på 18 månader var utført, følgde tre år på Tingvoll gymnas. Men guten var ikkje moden for studelivet enno, så han «slengte seg med» ein tur med Hustadbuen på linefiske for å tene pengar.

– Eg var så i Linjebygg ein del år, vanka mykje på fjellet og treivst godt med linjearbeidet. Seinare vart det to turar på Newfoundland og selfangst med «Lance 2».

Avslutta som ordførar

Så fekk Nils familie og vart meir i ro heime. Han tok på seg vikariat ved lensmannsetaten i Fræna, og det vakka på seg med meir utdanning. Han var ferdig på Politiskolen i 1975 og heldt seg meir og mindre sammenhengande i etaten til 2002. Då blei han pensjonist og gjekk inn i kommunestyret for Frp. Han har fem periodar i lokalpolitikken til saman, den siste som ordførar ut 2015.

– Eg har vakse opp i ei heilt fantastisk tid og fått oppleve utruleg mykje. Eg er glad maskineriet raklar rundt enno, og at det er stadig meir å oppleve, avsluttar han i lugaren på «Simen».

Langt liv på havet

Kåre (73) er motstykket til søskenbarnet – ueksponert i media, men like omgjengeleg.

Han har ei lang fartstid med 52 år på sjøen, oppvaksen i Sylteosen, no busett på Visnes.

Foto: Oddbjørn Harnes

Kåre tok fjorten år gammal til som messegut på storsilda med «Årvak» frå Branddal i 1958.

– Eg fylte femten om bord. Same året drog vi til Vesterisen på selfangst. Det var etter storsildfisket.

Så vart han med Laurits Gjendemsjø etter småsild i fjordane med «Hagen». Deretter meir snurpefiske etter storsild i 1959, no om bord i «Harøyfjord» frå Sandøy med Torodd Huse som skipper.

– Eg vart verande på Steinshamn det året. Fekk meg jobb på den siste storkvalbåten til Brødrene Sæbjørnsen, «Berg Bjørn». Vi var på kvalfangst frå mai. Etterpå pussa eg båt og fór etter damene der ute, seier han og blunkar.

Utanriksfart

Etter dei store sildeåra på 50-talet minka det med arbeid på havet, men han vart med «Bjørnsund» på storsilda i 1960. Då søkte han seg på utanriksfart og segla ute i to år. Han kom heim i 1961 med amerikabåten «Oslofjord». Sjølivet fekk ein pause fordi han måtte opererast etter ei ulykkeshending. Det vart litt jobb på land, men tankane var på sjøen.

Steinfrakt dreiv han med i 1962, men reiste til Grønland året etter med «Bjørkhaug» frå Vartdal på linefiske etter torsk. Dei salta om bord. På den båten var han til 1967, to turar i året.

Så fekk Kåre jobb med Davik-karane i Brattvåg, på linefiske med «Koralen» til Grønland. Siste turen hadde han i 1971. Deretter følgde linefiske med ulike båtar på Storegga til han fekk seg plass på «Inger Hildur» i 1972. Der var han i sju år.

Blei kokk

– Eg braut så av sjølivet, tok kokkeutdanning og blei stuert på «Inger Hildur», fortel Kåre, som framleis trakterer grytene. Men no er det kona som får nyte godt av kokkekunnskapane.

I den siste perioden før han blei pensjonist var Kåre Gjendem med frænabåten «Øybuen» på Storegga og i Vesterålen, han var på Finnmarka med trålar og på garnfiske med «Kato» og «Vonar» frå Sandøy kommune, og til sist autolinefiske med «Urvåg» frå Averøya. Som kokk jobba han både på dekk og i byssa.

– Eg pensjonerte meg som nesten 70-åring. No er fisket ein hobby eg driv i lag med Nils, fortel den spreke pensjonistfiskaren om sitt yrkesliv før han hiver seg i Mercedesen heim med fersk krabbe til kona.

Levering

Når «Simen» sig inn til Skarsbø-kaia etter endt dag i 15-tida, står 21 kasser krabbe klar til å bli heist i land. 17 av dei er fylt med flott hokrabbe.

Den 29 fots sjarken er ein av dei siste båtane i dag. I Harøysund leverer rundt 25 båtar denne sesongen. Mottaket er ope alle dagar utanom fredag. Også laurdag og søndag kan du bli kvitt krabbe der. Tre gonger i veka sender O. Skarsbø romsdalskrabbe til Hitra med bil.

Stor auke

Daniel Rødseth hos O. Skarsbø heiser kassene på land med kaikrana.

– Det har vore bra med krabbe, meir enn i fjor, fortel arbeidsformannen.

Fin fangst: Daniel Rødseth hos O. Skarsbø AS tek imot fangsten på kaia i Harøysund. No skal krabbene inn på kjølelageret i påvente av biltransport vidare til Hitra. Foto: Oddbjørn Harnes

– Kvaliteten har vore bra i periodar, men no er det meir vasskrabbe. Vi får jamleg tilbakemelding frå kjøparen både om kvalitet og kva han ønskjer av oss og fiskaren. Akkurat no vil dei at det skal settast djupare for å få mindre vasskrabbe. Om kvaliteten veit eg ikkje anna enn at Hitramat vil ha krabbe herifrå kvart år. Dei nyttar krabben godt, blæs til og med maten ut av småklørne.

Hitramat er stor på sjømat og tek imot 5000–7000 tonn krabbe i året, heile kysten frå Bodø til Bud. I fjor kom 100 tonn krabbe frå Harøysund. I år ligg det an til ein stor auke, kanskje blir kvantumet over 200 tonn.

Tre sorteringar

På mottaket deler dei krabbefangsten i tre kategoriar – hann, ho og einklo. Fiskaren får i år kr 10,50 per kg for hann- og hokrabbe.

For krabber med berre ei klo er kiloprisen kr 6,50. På denne tida av sesongen er det klart mest hokrabbe, som fiskaren helst vil ha. Hokrabben har i tillegg til storklørne rogn og levermat, som er det krabbeelskarar etterspør.

Folk i godt humør

Formann Daniel synest krabbesesongen er triveleg. Då kjem andre fjes innom mottaket enn dei vanlege. Krabbefiskarane er jamt over langt opp i åra, gjerne pensjonerte fiskarar, sjøl om også nokre ungdommar no satsar på krabben. Sesongen varer vanlegvis frå rundt midtsommar til ut november. I år sluttar Hitramat å ta imot krabbe 18. november.

Mindre hummar

O. Skarsbø tek imot hummar sjøl, men dei har fått inn mindre i år enn i fjor.

– Fiskarane hevdar det er for fint vêr, hummaren blir roleg av det. Det må til ein kuling no skal hummaren krype, siterer Daniel Rødseth vante fiskarar.

Likevel er det eitt gode med godvêret, legg han til: – Alle blir i så godt humør!