Det var seint onsdag kveld at det vart meldt om brann i ei avdeling av den private barnevernsinstitusjonen Aleris i Alta. Fire personar redda seg ut, mellom dei ein tenåring som er i barnevernets varetekt. Tenåringen og ein tilsett vart sendt til sjukehus etter å ha pusta inn røyk.

Påtent?

I februar og april brann det i to Aleris-bustader i Molde, som begge vart totalskadde i brannane. Dette var også tilfelle i Alta.

– Vi jobbar enno med å skaffe oss full oversikt over kva som har skjedd. Vi antar at det er påtent, men må uansett sikre spor, seier Svein Tore Nilsen, lensmann i Alta, til Romsdals Budstikke.

Varm branntomt

Lensmannen opplyser at branntomta enno er for varm til at kriminalteknikarar kan gå inn for å gjere undersøkingar.

– Ser ein brannen i samanheng med Aleris-brannane i Molde?

– Vi er kjent med desse brannane, og utelukkar ikkje at det kan vere samanheng mellom brannen i Alta og brannane i Molde, seier Nilsen.

Jurist i Vest-Finnmark politidistrikt, Ronny Jørgensen, vil ikkje på dette tidspunktet kommentere saka. Han understrekar at etterforskinga ikkje er ferdig, og at ingen er sikta.

Kan samarbeide. Anniken Stormyr, fungerande etterforskingsleiar ved Molde politistasjon, opplyser at det så langt ikkje er kontakt mellom dei to politidistrikta om brannane.

– Men om det er naturleg å sjå saker i samanheng, utvekslar vi informasjon. Vi kan også eventuelt sjå på samordning om det er aktuelt med påtale, seier Stormyr.

– Må flyttast

Tenåringens advokat opplyser at tenåringen no får helsehjelp, og at det vert jobba med å finne eit alternativt tilbod.

– Situasjonen er uavklart akkurat no, men det er opplagt at ungdommen må flyttast. Vi arbeider for å få eit nytt vedtak som er meir i tråd med klientens ønske og behov. Det er tydeleg at det tilbodet barnevernet har gitt så langt, ikkje fungerer, seier advokaten. Ho opplyser at dei har kontakt med barnevernet og med fylkesmannen i samband med brannen i Alta.

Dramatisk

Regiondirektør i Aleris Nord, Håkon Melseth, opplyser at brannen var dramatisk og utvikla seg raskt, men at Aleris ikkje har kjennskap til brannårsaka. Om brannen kan vere påsett vil han heller ikkje kommentere, han viser til at dette er spørsmål politiet må ta stilling til.

– Etter brannen har vi hatt fokus på å ta vare på dei som var involvert på ein best muleg måte. To av dei fire som var til stades, vart sende til sjukehus for observasjon, men er no utskrivne, seier Melseth.

– Vi er veldig glade for at det gikk godt med alle, og at vi unngikk alvorleg personskade. Vi har også sett på hendingsforløpet med tanke på rutinane og korleis desse fungerte. Personalet følgde rutinane, dei varsla og prøvde å sløkke, og fekk berga alle ut.

– Vurderer du rutinane som tilstrekkelege, med brannar relativt ofte i Aleris-tiltak?

– Vi har generelt stort fokus på dette i Aleris› barnevernvirksomhet generelt og i region Nord spesielt. Det kan brenne i barnevernsinstitusjonar, så vi må ha fokus på det. Vi har gode rutinar som inngår i kvalitetssystema våre, og slik møter dette på ein best muleg måte, seier Melseth.

– Kva tilbod får no ungdommen som budde i huset som brann?

– Vi skal finne ei løysing, mellom anna har vi alternative bustader i regionen. Dette er ikkje 100 prosent landa, det må vi ta i samarbeid med oppdragsgivar, seier Melseth.