– Det vil forundre meg stort om fylkesmannen går imot dei vedtak som er så tydeleg gjort i kommunestyra. Han må legge til grunn det overveldande fleirtalet som er for at Aukra skal bli verande eigen kommune, seier ordførar i Aukra, Bernhard Riksfjord (Ap).

– Kommunar har jobba hardt i to år med dette, det vil forundre meg om enkelte fylkesmenn skal ha fasiten på korleis kartet skal bli. I så fall; kvifor då legge opp til ein slik omfattande og kostnadskrevjande prosess,  spør han.

Fri vilje

Aukra-ordføraren har fått med seg vedtak i siste møte i Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité, der fleirtalet krev svar på kva som er fylkesmannen si rolle i kommunereforma.

– Er det slik at fylkesmennene har mandat frå statsråden til å overprøve vedtak i kommunestyra i den tilrådinga dei sender departementet? Og kva måte følger dei opp at kommunereforma skal gjennomførast med fri vilje?

Dristig

Riksfjord har registrert at enkelte fylkesmenn vil gå hardt til verks når dei skal slå saman kommunar. Han er spent på kva fylkesmann Lodve Solholm vil kome med. Så langt held han korta godt til brystet.

– Spørsmåla kontroll- og konstitusjonskomiteen stiller er slik eg har meint i heile prosessen. Vi må forvente at dei gjer vedtak som er i tråd med demokratiske prosessar som statsråd og departement oppmoda alle kommunar om å følgje.

Respekt

Riksfjord meiner fatta vedtak og oppfordringa frå ordføraren, politikarane og folket i Aukra er så tydeleg at dei bør følgjast.

  • Aukra kommune ber fylkesmannen respektere dei vedtaka som er gjort i kommunane om kommunereforma.

  • Vedtaka er fatta på bakgrunn av grundige demokratiske prosessar. Involvering med folkemøte, innbyggarundersøking og folkeavstemming før dei endelege vedtaka er fatta. Dette bør vere viktige faktorar i fylkesmannen si analyse og vurdering.

  • Eit fleirtal på Stortinget har uttala at eventuelle samanslåingar skal bygge på frivillig grunnlag. Dersom ein ikkje tek omsyn til og respekterer klare vedtak i den enkelte kommune, vil det i røynda sjå ut som brot på Stortingets intensjon.

Snart val

– Det er stortingsval neste haust. Uansett politisk farge, vil dei av storpartia som går på tvers av dette truleg måtte vinke farvel til makta, trur ordføraren i Aukra.

---

Takk for at du abonnerer på Romsdals Budstikke!