Tårene trillar når Heidi Skarseth frå Molde møter igjen guten ho var med å redda livet til i Kenya i 1986. Nailenge Junior Nailenge er i dag 30 år og skal snart ta til på utdanninga for å bli flymekanikar.

På sin aller første tur til Norge får han møte redningskvinnene sine. Eit sterkt møte, med tårer, mimring og mykje kjærleik.

Liten og svak

Under eit opphald i Nairobi møtte ho den vesle guten på under året, sjuk og svak, slik som mora, og med stort behov for medisinsk behandling. Busett i den namibiske flyktningleiren i Zambia var han nabo med Kari Småge, som arbeidde der. Og Kari si søster, Lone, var Molde-dama Heidi Skarseth sitt følge på behandlingsreise til Kenya.

Saman med søstrene samla Heidi inn pengar slik at den sjuke guten og mora fekk kome til behandling på ein klinikk i Nairobi. Det var der dei blei så godt kjend med det vesle sjarmtrollet. Mora kunne dei ikkje gjere noko for. Ho døydde i 1998. Men behandlinga som Nailenge fekk, redda livet hans. Skjønt – det visste ikkje hjelparane hans!

Trudde han var død

– Siste gong eg såg Nailenge var i 1990, under frigjeringsfeiringa i Namibia. Seinare har eg vore ofte i Namibia, leita etter han og spurt etter han, og på eit av desse besøka fekk eg vite at han var død, fortel Kari Småge, som har jobba og reist mykje i Afrika sidan 80-talet.

I 2009 fekk Kari Småge kontakt med søstera til Nailenge på Facebook, og ville gjerne dele bilde av den «avdøde» broren hennar. Då kom den glade beskjeden: Han var slett ikkje død – Nailenge levde i beste velgåande!

Maskot

Heidi Skarseth fortel at Nailenge har vore i tankane hennar kvar einaste dag sidan ho forlèt han på klinikken i Kenya i 1986. Ho har aldri gløymt den vesle guten som gjorde så sterkt inntrykk på henne og veninnene den gongen.

– Han var liksom maskoten vår. Vi bar han med oss overalt, og han vandra frå fang til fang. Vi skjemte han skikkeleg vekk, fortel ho.

– Han hadde enda ikkje begynt å gå, og eg huskar eg kjøpte dei første skoene til han, legg ho til.

– Han har vore i kveldsbønnene mine kvar einaste dag, fortel ho og snufsar litt, medan ho kikar på mannen som no står ved sidan av henne og smiler breitt.

– Det er nesten litt uverkeleg. Eg har fleire album med bilete av han som baby! fortel ho, rørt over gjensynet.

Takksam og rørt

På søndag fekk altså den litt beskjedne studenten møte redningskvinnene sine. Og over middag fekk dei høyre at han har fått eit fint liv, takka vere hjelpa frå dei norske kvinnene:

– Eg er rørt og veldig glad. Det er så fint å treffe dei igjen. Eg veit eg kan takke dei for at eg står her i dag, fortel Nailenge.

No har han tilbrakt nokre veker på Småge på Gossen, før vegen går tilbake til Namibia og flymekanikar-utdanning.

– Dette er første gongen eg er i Norge og noko seier meg at eg har vore heldig med vêret, seier han og humrar, før han alvorsamt legg til:

– Eg er så takksam og rørt for hjelpa eg fekk. Utan den hadde eg nok ikkje vore her i dag. No er eg her for å takke dei, fortel den litt beskjedne studenten og smiler til redningskvinnene sine.

– Han var liksom maskoten vår. Vi bar han med oss overalt, og han vandra frå fang til fang. Vi skjemte han skikkeleg vekk, fortel Heidi Skarseth, Lone Roald og Kari Småge. Her på tur på ryggen til Lone Roald. Foto: Privat