Det meiner Ole Kristian Fauchald. Han kjenner miljøparagrafen (sjå under artikkelen) i Grunnlova og betydninga av han svært godt.

Jusprofessoren ved Universitetet i Oslo gjekk gjennom mange dokument frå departement og domstolar for å finne ut kor aktivt forvaltninga brukte § 112. Det blei til artikkelen «Forfatning og miljøvern – ei analyse av Grunnlovens § 110 B», publisert i 2007. (Paragrafen hadde eit anna nummer den gongen.)

– Studien peikte veldig klart i retning av at dette var ein sovande paragraf, seier han.

Fekk følger

Ifølge professoren var slike funn ei hovudårsak til at Stortinget i 2014 vedtok ei ekstra setning i paragrafen frå 1992: «Statens myndigheter skal iverksette tiltak som gjennomfører disse grunnsetninger.»

Meir bevisst

– Korleis kan 112 gjere ein forskjell i politikken?

– Miljøparagrafen er først og fremst eit tilleggsargument for å tolke lover og reglar i ei miljøvennleg retning, seier han.

– Vedtaket vert aktuelt når det kjem forslag om å kvitte seg med eit vern av miljø, eller sette i gang tiltak med negative miljøfølger.

I fleire saker snakkar både enkeltpersonar og organisasjonar høgare no enn før, når styresmaktene er i ferd med å gjennomføre tiltak i strid med 112, meiner han.

– Det har vore ei sterk auke i bevisstheita rundt dette, berre dei siste to-tre åra, seier Fauchald.

Det var altså i dette landskapet at den første «Klimafestivalen § 112» blei gjennomført i 2015.

Argument i bruk

Professoren viser til fleire saker der paragraf 112 er brukt i debatten: deponering av gruveavfall i fjordar; snøskuterkøyring i utmark; og utlysing av 23. konsesjonsrunde.

– I det siste tilfellet har ein argumentert sterkt for at den foreslåtte politikken er i strid med § 112. Det argumentet er styrkt etter endringa i 2014.

Og når Oljefondet har trekt investeringar i kullindustrien, har § 112 vore mellom dei viktige argumenta, seier professoren.

– Så i den saka kan paragraf 112 ha gjort ein forskjell?

– Ja. Og det var på hengande håret i snøskuter-saka. Den blei vedtatt i eit Storting delt i to.

Riksrevisjonens ansvar

Ein kan prøve eit krav om miljøomsyn for domstolane, men det er dyrt og tar lang tid, seier han.

– Så i praksis er det Riksrevisjonen som har hovudansvaret for at omsyna i § 112 blir varetatt i politikk og forvaltning. Men dei har ikkje brukt særleg mykje tid på 112 foreløpig. Dei tar mange saker knytt til miljø og berekraftig utvikling, men har ikkje brukt 112 som målestokk for politikken. På eit vis har Riksrevisjonen oversett vedtaket, i likskap med miljøstyresmaktene.

– Kva skal til for å gi 112 meir vekt? Meir bevisstheit hos vanlege folk?

– Ja, eg trur det. Og det trengst nokre merkesaker. Dessutan krev det at dei offentlege styresmaktene som er sett til å forvalte miljøverdiar, er opptatt av vedtaket og bruker det aktivt.

Berre markering?

Han viser til 200-årsjubileet for Grunnlova:

– Ein skulle tru at det jubileet gjorde at forvaltninga prioriterte å følge opp styrkinga av miljøparagrafen frå 2014. Men mykje tyder på at grunnlovsmarkeringa blei det den heitte: ei markering. Ho blei ikkje eit signal om ei endra haldning til Grunnlova, slik Stortinget meinte det. Så det skal nok noko anna til, for at paragrafen fører til høgare prioritering av miljøomsyn.

FAKTA: § 112 i Grunnlova:

«Enhver har rett til et miljø som sikrer helsen, og til en natur der produksjonsevne og mangfold bevares. Naturens ressurser skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten.

Borgerne har rett til kunnskap om naturmiljøets tilstand og om virkningene av planlagte og iverksatte inngrep i naturen, slik at de kan ivareta den rett de har etter foregående ledd.

Statens myndigheter skal iverksette tiltak som gjennomfører disse grunnsetninger.»