To eldsjeler inviterer lag og foreiningar til å skape ein festival med klima som grøn tråd.

For dei som er opptekne av miljø, klima og framtida, er det fint å vite at Grunnlova har ein eigen miljøparagraf (Sjå fakta under artikkelen.)

Men det hjelp lite, viss dei fine orda ikkje får noko å bety for politikk og avgjerder. For å auke bevisstheita om klimautviklinga og engasjementet for å endre ho, starta Norsk Klimanettverk den første Klimafestivalen § 112 i fjor.

No vil to miljøengasjerte sparke i gang festivalen i Molde òg, om lag samtidig som andre stader i landet: 18. – 28. januar.

– Korfor tek de på dykk dette?

– Fordi vi veit at vi må ta tak no. Ting går fort den gale vegen, med store skadar i vente for komande generasjonar. Vi kan ikkje vente på at politikarar og ekspertar gjer det som må til for å bremse klimaendringane. Vanlege folk har også makt, og den må vi bruke på ein god måte, seier Karin Skjetne.

Klimadrama

Teaterpedagogen ved kulturskulen blei sett på sporet da ho vart spurd om elevane hennar kunne sette opp eit nyskrive klimadrama. Det passa godt med ein tanke ho hadde hatt om å gjere noko stort i nysalen i kulturskulens nybygg.

Makker Oddbjørg Langset er kontaktperson for Besteforeldrenes klimaaksjon lokalt. Ho prøvde å få i gang Klimafestivalen i fjor utan å lykkast. No har dei to funne kvarandre, og er primus motorar for den første Klimafestivalen § 112 i Molde.

– I kampen mot klimaendringana må vi begynne med oss sjøl, seier Langset.

Inviterer

Dei inviterer lag og foreiningar til å skape enda meir innhald ein festivalen dei allereie er godt i gang med.  Klimafestivalen kan vere alt frå ein einaste konsert, til ein drøss av programpostar. Lag og foreiningar har praktisk og økonomisk ansvar for eigne arrangementet.

Dei er også ute etter frivillige som kan hjelpe til med praktiske ting.

Felles program

Tre ting gjer dette til Klimafestivalen § 112: at klima på eitt eller anna vis er tema for alle postane; at arrangementa finn stad i januar; og at dei vert presenterte i eit felles program og på felles plakatar.

Allereie er mykje på plass, og mykje under arbeid, til dømes:

  • Kortfilmen «Climate Change is Simple» i auditoriet på Krona 18.1., med paneldebatt, og ordføraren som opnar festivalen.

  • Klimadrama med alle teaterelevane på kulturskulen, i den nye salen i det nye kulturskulebygget.

  • Forelesning av Håvard Haarstad byutvikling i eit klimaperspektiv.

  • Forelesning av Kim Thoresen Vestre, som har skrive oppgåva «Tenke globalt, handle lokalt»

  • Barnas klimafestival i regi av Barnas turlag, på Holmarka.

  • Matsal med lokal mat ved fleire høve, m.a. Nyttevekstforeininga.

  • Klimagudsteneste i domkyrkja.

  • Torg med sal av gjenbruk-varer.

  • Byvandring ved Ola Gjendem.

  • Torg med miljøorganisasjonar.

  • Grøn mote.

  • Ulike skuleopplegg, m.a. med Molde vidaregåande.

Søker støtte

Festivalen bygger på frivillig innsats, og laga tek økonomisk ansvar for eigne arrangement. Likevel trengst pengar til program, plakatar, og litt reiseutgifter. Det søker dei mellom anna formannskapet i Molde om. Der stiller dei opp tysdag for å presentere opplegget.

PS: Klimafestivalen er tilslutta Klimavalgalliansen. Det er ein uavhengig allianse av organisasjoner med klimaengasjement.

Her er § 112 i Grunnlova:

«Enhver har rett til et miljø som sikrer helsen, og til en natur der produksjonsevne og mangfold bevares. Naturens ressurser skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten.

Borgerne har rett til kunnskap om naturmiljøets tilstand og om virkningene av planlagte og iverksatte inngrep i naturen, slik at de kan ivareta den rett de har etter foregående ledd.

Statens myndigheter skal iverksette tiltak som gjennomfører disse grunnsetninger.»

Overveldande: – Klimaendringane er så overveldande. Ein Klimafestival er ein måte å bidra på for oss vanlege folk, meiner Karin Skjetne (t.v.). Makker Oddbjørg Langset t.h. Foto: Marit Heiene