I dag er Aud Lisbeth Lillebostad på plass i kommunehuset på Falkhytten, som nytilsett leiar i ei nyoppretta eining for innvandring og integrering i Aukra kommune. Ho skal ha medhjelparar, og det vart meir enn nok å velje mellom.

– Eg veit dette er populære stillingar. Men at det kom så mange søknader er både overraskande og kjekt, fortel dama som har 20 års erfaring med flyktningarbeid i Oslo og Møre og Romsdal.

Overraskande

Nå er det nære medarbeidarar som skal tilsettast. Aukra kommune manglar ikkje på søkarar til fire stillingar i eininga for innvandring og integrering.

Godt utval: 133 søknader er ikkje ille, innrømmer kommunalsjef Jan Erik Hovdenak. Han er overraska over at responsen skulle bli så enorm. Foto: Agnar Gjendem

– Vi hadde forventa bra respons, det er ikkje ille å få inn 133 søknader. Nokre har søkt fleire stillingar, det er totalt rundt 100 personar som har søkt. Eg må tilstå at det er overraskande å få så mange, seier Jan Erik Hovdenak, kommunalsjef for drift og forvaltning.

Ulik årsak

– Eg er ikkje kvalifisert til å vurdere kvifor så mange søker, det kan vere av ulike årsaker. Dette illustrerer nok også situasjonen i arbeidsmarknaden. Trur det er ei medverkande årsak til at det vart så mange, meiner Hovdenak. Noko Lillebostad er einig i.

Det er fire stillingar som vart utlyst. To som programrådgjevar for introduksjonsprogrammet, ei stilling som avdelingsleiar for einslege mindreårige flyktningar og ei stilling som konsulent/rådgjevar. Det skal seinare skje tilsettingar i fleire stillingar som miljøarbeidarar.

Populært

– 70 av søknadene er som miljøarbeidarar i bufellesskap for einslege mindreårige. Fleire har utanlandsk etnisk bakgrunn, noko vi ser kan vere både godt og viktig. Vi har fått veldig mange gode søkarar og gode folk å velje blant, meiner både Hovdenak og Lillebostad.

Mest lokalt

På kommunehuset er dei godt i gang med å sortere ut frå søkarlistene. Det går i første runde på å eliminere dei som ikkje tilfredsstiller kvalifikasjonskrava. Målet er å ha tre til fem inn på intervju på tre av stillingane om kort tid og at tilsetting kan skje i løpet av 14 dagar.

– Dei aller fleste søknadene kjem frå vår eigen region, men det er også nokre slengarar frå heile landet. Vi er godt fornøgd. Her er det i alle fall ikkje aktuelt med ny søknadsrunde!, forsikrar Hovdenak.