Små og store drake-byggarar møtte opp då Aukra kommune og Røaleira velforening inviterte til drake-verkstad på Falkhytten.

Full rulle

Her kunne ein melde seg på bygging av tre forskjellige drakar, med instruktørar og assistentar som hjalp små og store hender i kunsten å bygge ein høgtflygande drake.

–Vi har hatt fire kurs i slengen, i tre omgongar, og nesten alle kursa har vore fulle, fortel kulturmedarbeidar Anne-Kari Tinnesand.

Instruktørar og assistentar vart kursa av leiar i Sola Drageklubb, Sveinung Dybvig, fredag kveld, og folk kom frå både by og land til kurset laurdag formiddag. I løpet av dei første fem minutta av påmeldinga hadde 40 personar sett seg på liste.

–Dette har gått over all forventning, med eit massivt oppmøte og masse godt humør, fortel Tinnesand.

– Nyttig lærdom

Små og store hjalp kvarandre med spiler, plast og teip-bitar, og etterpå var det prøveflyging utanfor kommunehuset på Falkhytten.

Familien Schanke Eikum/Linde frå Molde var blant dei mange som hadde tatt turen til Gossen denne helga og Romsdals Budstikke møtte dei under test-flyging av Spurve-draken:

– Kjempebra opplegg! Ein litt anleis og sjeldan aktivitet som barna gjerne kan lære, meinte mamma Miriam.

– Det er artigast å flyge, syns Celia (7) medan ho elegant kontrollerte Spurve-draken sin side om side med storebror Cedrik (11).