Det er trekt fram mange grunnar til at desse øyane framleis bør vere ein del av Romsdal. Utgangspunktet for initiativet er at øyane blir lagt til Aukra, eller den kommunen som Aukra blir ein del av.

– Geografisk er vi ein del av Romsdalskysten. Vi høyrer til Romsdalsregionen, og vil at vi skal gjere det i framtida også, skriv Oddgeir Viken (Ona/Husøya), Evy Linningsvoll (Sandøya) og Andreas Orten (Orten) på vegner av folket på dei tre småøyane.

Mange grunnar

I søknaden som er levert fylkesmannen, er dette dei viktigaste grunnane for ei grensejustering;

* Folket er mest retta mot Aukra og Romsdal både med omsyn til tenester og leveransar både til næringsliv og private.

* Det er kortast og raskast å kome seg til ein by (Molde) i den retninga. Det vil framleis vere tilfellet etter at fastlandssambanda Møreaksen, Kjerringsundet og Nordøyvegen er ferdige.

* Dei har alltid vore knytt til Romsdal, både med omsyn til handel, språk, kultur og tradisjonar.

Engasjement

Sandøy kommune starta kommunereformarbeidet hausten 2014. Rådmannen la fram i si saksutgreiing der også ei deling av kommunen var med.

Reformarbeidet fekk si noverande form i kommunestyret i februar 2015. Sandøy går sørover i retning Haram og Ålesund. Folket i nord reagerte raskt på det urimelege i at kommunen ikkje ville greie ut eit alternativ også mot Romsdal.

Oversett

– I debatten rundt deling har det frå kommuneleiinga si side framkome at det særleg er verdien av havområda rundt småøyane som er viktig. Skulle innbyggarane likevel ha nokon verdi, må det forventast at deira oppfatning blir vektlagt. Voteringane i kommunestyret har over tid vist at desse synspunkta er oversett, står det i søknaden.

Vegnett

– Sørlege delar av kommunen vil få fastlandssamband gjennom Nordøyvegen, på småøyane har vi full forståing for at Harøy/Finnøy i reformprosessen også finn det mest naturleg å orientere seg sørover. Men føresetnadane for den nordlege del av kommunen vil ikkje endre seg i særleg grad, poengterer dei.

Levedyktig

– For å halde oppe levedyktige samfunn er det viktig at kommunikasjonen mot Aukra og Molde vidareførast. Vi er sikre på at det er meir forståing og støtte for dette som ein del av Aukra enn som ein del av Ålesund, skriv øyfolket.

Transport av pasientar til sjukehus blir i dag utført av ambulansebåtane «Øyvon» og «Dr. Riiber». Når Sandøy blir ein del av Ålesund, er det sannsynleg at legevaktsamarbeidet Aukra/Sandøy/Midsund vil ta slutt, og dermed og at legebåten «Øyvon» blir lagt ned. Og sidan heimesjukepleien i dag ikkje kjem til småøyane lenger, må dei som treng pleie flytte til Harøya. Aukra skal no bygge ny sjukeheim, og vi ser det som ein stor fordel for både pleietrengande og pårørande å ha eit tilbod på Aukra. Ettersom dei fleste pårørande bur i Romsdalsregionen vil det her vere enklare å få besøk av familie, fordi reisetid til og frå fastlandet er betydeleg kortare, er mellom argumenta.

Identitet

Tilhøyrsle og identitet er framheva som viktige faktorar, det har i tillegg svært praktiske konsekvensar. Vegen til eit livskraftig samfunn på småøyane må vere i eit samspel mellom fastbuande, deira familie, slekt og vener og personar med feriehus på øyane.

– Dei med feriehus bidreg til øyane si utvikling og dannar grunnlag for arbeidsplassar i butikk, på overnatting, restaurant, reiseliv og handverkstenester. Og det er den gruppa som mest truleg vil kunne flytte hit. Dei som har feriehus på småøyane er i all hovudsak personar med tilknyting, som tidlegare fastbuande eller etterkomarar av tidlegare fastbuande. Det er relevant å sjå på kva del av landet personar med tilhøyrsle til småøyane er busett. Dette er hovudsakleg mot Molde og Romsdal, skriv dei i søknaden til fylkesmannen.