I kveld held dei inspirasjonskveld i Idahall i Tomrefjord, June Holm med foredraget «Vegen vidare», og Marius Løken med «Snu motgang til medgang». June Holm og Marius Løken samarbeider i «Team framgang», ei gruppe på seks personar med sterke personlege historier som tilbyr foredrag over heile landet.

- Er styrka

– Vi vil fortelje om korleis vi har klart å handtere det vanskelege vi har opplevd, og snu det til noko som har styrka oss. Vi har opplevd traume, men vil ikkje sjå på oss sjølve som offer. Det vi har vore gjennom var tøft, men det har gjort oss sterkare og meir erfarne, seier June Holm til Rbnett.

Dei to har begge opplevd vonde og dramatiske ting; June opplevde to valdtekter som 18-åring og psykiske utfordringar etter dette, Marius overlevde så vidt da han vart påført 20 knivstikk i det såkalla Halloween-drapet - ein kamerat vart drepen.

– Relevant for alle

June Holm opplyser at kveldens foredrag er tilpassa eit publikum over 16 år.

Ho poengterer at sjølv om folk ikkje har opplevd så dramatiske ting som ho og Marius har, så vil alle kunne ha opplevd ting som kan relaterast.

– Alle møter utfordringar i liva sine. Vi deler verktøya vi har funne for å handtere det vanskelege, og å komme vidare, seier June Holm.

Foredraget hennar vil i tillegg til hennar historie, også omfatta informasjon om eigenterapi og profesjonell hjelp, hjartesaker, sjølvutvikling, og syn på korleis ein best kan leve her og no.

Prosjekt med Andrea Voll Voldum

No håper dei to på fullt hus på Idahall i kveld. Ei som garantert stiller, er Andrea Voll Voldum, som har teke turen frå Lærdal til Tomrefjord for å få med seg inspirasjonskvelden.

– Eg hadde berre så lyst til å høyre June og Marius. Eg gler meg, eg trur dette blir bra, seier Andrea Voll Voldum.

Mange fekk med seg at June i sommar heldt eit personleg innlegg framfor Stortinget, til støtte for Andrea Voll Voldum etter rettssaka om voldtektssaka frå Hemsedal i sommar.

No er Andrea altså i Vestnes, og June fortel at dei to planlegg å komme i gang med eit prosjekt.

Formidling på full tid

June Holm har gjennom bloggen sin vore open om det ho har vore utsett for, og dei psykiske utfordringane ho har hatt etterpå.

No vil ho fullt ut vil satse på formidling gjennom blogg, foredrag og bokskriving.

– Det kjennest veldig rett, tida er inne for dette no, seier ho.

Foredragsarbeidet er i gang, June og Marius ser for seg at arrangementet i kveld vert det første av mange foredrag.

– Vi ser for oss å lage tilpassa variantar etter behov, på sikt vil vi til dømes også besøke skolar. Avtale er allereie gjort for skolebesøk i Vestnes i desember, fortel June Holm. Ho har også som mål å gi ut bok neste år.

Etter arrangementet på Idahall, står det likevel heilt andre ting i kalenderen dei nærmaste månadane – June skal ta fri og reise jorda rundt.