– Det hjelper ikkje kor gode produkt ein har, om ikkje folk veit om det. Det vil vi gjere noko med, seier Berit Svensli.

Presentasjon

Ho driv gardsmatbedrifta Toven -egg, og er koordinator for prosjektet «Bygdeopplevelser i Nesset». Denne veka går fristen ut for bedrifter som er aktuelle for å bli med i ei ny brosjyre som skal presentere småskalatilbod i bygdene i Nesset. I tillegg skal bedriftene som vert med i opplegget, presenterast digitalt på sosiale media, og på litt sikt med eiga nettside.

Variert

I presentasjonen som no er like om hjørnet, vert det vist eit spekter av tilbod. Her er det bygdekultur, mat og opplevingar gjennom heile året.

– Hos oss kan du overnatte i gapahuk eller i ein embetsmannsbustad frå 1700-talet. Vi tilbyr gardsmat, strikkekafé, vertshus, romutleige, systove og gåvebutikk. Her kan ein halde selskap, møte, kurs og arrangement i kulturhistoriske bygdemiljø, heiter det mellom anna i brosjyren.

Inspirasjon

Årets prosjekt er ein oppfølgar av «Matveien gjennom Nesset og Sunndal» som vart lansert i 2014. Da vart gardsmatbedrifter og serveringsstader i Nesset og Sunndal presentert i eit samarbeid mellom dei to kommunane. Denne gongen vert det altså eit reint nessetfokus.

– Det er mange andre område som har svært gode erfaringar med tilsvarande konsept. Tenk berre på «Den gyldne omveg» i Trøndelag og «Gardimellom» i Gudbrandsdalen. Der strøymer folk til for lokalprodusert mat og gode opplevingar. Det har vi jo her også, vi må berre få fastbuande og turistar til å oppdage og bruke oss, seier den engasjerte koordinatoren.

– Viktig

Så langt er åtte bedrifter med. I tillegg til Toven-egg, vil også Eidsvåg Fjordhotell, Aursjøhytta, Atelier 54-2, Skaffarn, Vorpenes gard, Aktiv Eikesdal og Vertshuset Eikesdal med.

– Det er plass til fleire, men vi er fornøgde med åtte bedrifter i denne omgang. Så håper og trur eg at fleire blir med neste runde, seier Svensli, og poengterer verdien av å løfte i flokk.

– Marknadsføring er viktig, men så dyrt at småbedrifter normalt ikkje maktar det. Når vi no både får litt støtte, og kan gjere det i lag, så er det fint for alle, seier Svensli.

Næring

– Det er fint at dette no kjem på plass, og at såpass mange aktørar vert med, seier Ulrik Molton, dagleg leiar i Nesset næringshage, som også deltek i finansieringa av prosjektet.

– Vi ser at folk er opptekne av kortreist mat og lokale opplevingar, så det er viktig å få presentert slike leverandørar også her. Lokalt er dette enno mest attåtnæring, men vi ser at andre har hatt suksess, seier Molton.

Faktaboks: Bygdeopplevningar

  • Marknadsføringsprosjekt for småskalabedrifter i Nesset

  • Brosjyre og digital presentasjon kjem i august

  • Vidareføring av prosjektet Matveien gjennom Nesset og Sunndal frå 2014

  • Støtta av Nesset næringshage

Desse er med:

  • Aktiv Eikesdal

  • Atelier 54–2

  • Aursjøhytta

  • Eidsvåg fjordhotell

  • Skaffarn

  • Toven-egg

  • Vertshuset Eikesdal

  • Vorpenes gard