Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste stadfester at Grete Teigland blir ny direktør ved Helse- og sosialavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i den no delte fylkeslegestillinga. Stillinga som fylkeslege har vore lyst ut fleire gonger, og vart ved siste utlysing delt i stilling som direktør for Helse og sosial- avdelinga, og som fylkeslege.

Spent

– Det blir spennande, seier Grete Teigland, enn så lenge avdelingssjef ved Gyn – og fødeavdelinga ved Molde og Kristiansund sjukehus.

Sidan ho kom til Molde i 2000, har ho vore leiar for fødeavdelingane først ved Molde sjukehus, og seinare også for fødeavdelinga i Kristiansund. Tidlegare jobba ho som jordmor og avdelingsleiar ved Haukeland sjukehus i Bergen.

– Brukarfokus

Teigland syntest direktørstillinga framsto svært interessant da ho såg utlysinga.

– Når Fylkesmannen lyste ut etter direktør for denne avdelinga, så såg eg det som ei unik mulegheit. No ser eg fram til ein utruleg spennande, interessant og utfordrande jobb, seier Teigland.

– Det vert gjerne ein viss overgang å gå frå fødeavdelinga til fylkeslegekontoret?

– Eg har hatt ein administrativ stilling i mange år, men det er klart at det blir nye arbeidsfelt for meg. I denne jobben har ein mellom anna ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helse- og sosialtenestene, og slik sett blir oppgåvene annleis. Men begge stader er det ivaretaking av brukarane som er i fokus, seier Teigland.

 – Korleis vert det å forlate sjukehuset som arbeidsplass?

– Det er med blanda kjensler, etter å ha arbeidd på sjukehusa så lenge. Det hadde også vore kjekt å få bli med over i nytt sjukehus. Men då denne jobben kom opp og eg no har fått tilbodet og muligheten, så gler eg meg veldig til å starte der, seier Teigland.

Ho tek til i jobben 1. oktober.

Jaktar fylkeslege

Cato Innerdal er konstituert i stillinga som fylkeslege til 1. september, han begynner da som kommuneoverlege i Molde kommune. Eit rekrutteringsfirma skal no finne kandidatar til fylkeslegestillinga.

Takk for at du abonnerer på Romsdals Budstikke!