Vert ikkje tiltak gjennomført ved kommunehuset før 15. august, ventar tvangsmulkt for Midsund kommune.

Det er fukt, råteskader og mugglukt på kommunehuset. Soppsporar mellom etasjane, lekkasjar og veldig dårleg luft. Mange tilsette ved kommunehuset har dei vanlegaste symptoma knytt til dårleg inneklima og luftforureining.

Arbeidstilsynet har i brev til kommunen gjort merksam på at dei ikkje motteke tilbakemelding om at pålagde tiltak er oppfylt. Fristen var 1. juni. Kommunen får no frist til 1. august med å gje sin kommentar.

Tvangsmulkt

– Vi har ikkje hatt kontakt med Arbeidstilsynet sidan i april, og vi vil vente før vi gir vårt svar. Men det er tydeleg at Arbeidstilsynet truer med tvangsmulkt, orienterte rådmann Ketil Ugelvik i kommunestyret.

Kommunen er pålagt å kome med oversikt over gjennomførte tiltak og beskrive korleis verneombod og tilsette sin representant har medverka. Dersom pålegg ikkje er oppfylt før 15. august ventar tvangsmulkt på 3000 kroner i veka på fem ulike område. I verste fall totalt 15.000 kroner i veka.

Mange område

Det er nødvendig med tiltak på fuktskadar og ha ei plan for å fjerne eller redusere forhold som kan føre til helseproblem på grunn av dårleg inneklima.

Det må vere rutinar for å avdekke og sanere fukt- og råteskader, tiltak for å hindre unødig varme som følge av solinnstråling. Det skal vere relevante målingar for å dokumentere radonkonsentrasjon i arbeidslokala og det skal vere ei plan for installasjon av klimaanlegg.

Nytt bygg

Samtidig går føre seg ein prosess for at kommunen skal få nytt administrasjonsbygg. For politikarane i Midsund vil neppe «kaste bort» sju millionar kroner til renovering av kommunehuset.

Eit nytt administrasjonsbygg krev ei investering på 25–30 millionar kroner. Eit prosjekt som dessutan ligg inne i intensjonsavtalen med Molde kommune.