Ordførar Odd Helge Gangstad er glad for at ordninga nå er på plass. Midsund er ein stor oppdrettskommune og vil nyte godt av de nye inntektene.

Oppdrettskommunar i Møre og Romsdal som er tilknytt Nettverket av fjord- og kystkommunar (NFKK) kan vente seg rundt 30 millionar kroner frå det nye statlege Havbruksfondet.

Godt tilskot

I ei liste over forventa utbytte for NFKK-kommunar vil Midsund få 4,062 millionar kroner i årleg utbytte. Aukra 2,031 millionar og Sandøy 1,12 millionar.

Av andre kommunar i vårt fylke får Smøla 13,78 millionar kroner, Halsa 5,9 millionar, Aure 4,8 millionar, Averøy og Kristiansund 3,9 millionar kvar.

Var på tide

– Havbruksnæringa bidreg med arbeidsplassar og verdiskaping. Men det er svært positivt at bedriftene på denne måten også kan bidra direkte til kommuneøkonomien, meiner Gangstad.

– Det er på tide at kommunane med lakseoppdrett skal få meir igjen for den viktige jobben dei gjer med legge til rette for næringa.

Felles forslag

Laksenæringa og nettverket av fjord- og kystkommunar utarbeidde eit felles forslag til fordeling av inntektene frå det nye statlege Havbruksfondet. Pengane går til kommunar og fylke som er vertskap og legger til rette for havbruk.

Stortinget har bestemt at 80 prosent av vederlaget frå framtidige kapasitetsløyvingar til lakse- og aureoppdrett skal gå til kommunane (70 prosent) og fylkeskommunane (10 prosent). Staten sin del på 20 prosent blir halden utanfor Havbruksfondet.

Nye areal

Det er viktig at kommunane som har lagt til rette for oppdrett i årevis skal få igjen noko for den viktige jobben. Samtidig er det nødvendig å lønne kommunane som set av nye areal til oppdrett, for at næringa skal kunne oppnå veksten vi treng i åra framover, er fiskeriminister Per Sandberg tydeleg på.

Lang kamp

Det har vore ein tolmodig kamp gjennom åtte år som endeleg gir kommunane ein rimeleg del av verdiskapinga, gjennom den oppnådde tverrpolitiske tilslutning på Stortinget og i havbruksnæringa.

– Dette er eit viktig bidrag også til å sikre at kystsamfunn framleis blir attraktive bu- og arbeidsplassar, noko som er ein føresetnad for ein vidareutvikling av havbruksnæringa, meiner Gangstad.

Sjømat Norge og NFKK representerer majoriteten av selskap som driv havbruksverksemd og av kommunar som har havbruksaktivitet.

Havbruksfondet gir eit viktig bidrag for å utvikle havbruksnæringa vidare. Og det er kjærkomne kroner for Midsund kommune, seier ordførar Odd Helge Gangstad. Foto: Agnar Gjendem