Kommuneleiinga skriv intensjonsavtalar i nord og i sør, og 6. juni er det folkeavrøysting der folket i Gjemnes kan gi uttrykk for sitt syn.

Ein hustrig maidag tok Romsdals Budstikke ein rundtur i kommunen, for å lodde stemninga. Enkelt oppsummert kan ein seie at vi fekk mange svar, og svar som peika i mange retningar.

– Eigedomsskatt avgjer

Gjøco, målingsfabrikken i Torvikbukt, er ein arbeidsplass der ulike syn på saka er å finne side om side. Rolf Tage Gjøen og Synnøve Sørvik representerer kvar sin fløy, og har kome fram til heilt ulike svar på kva dei meiner utgjer den beste framtidsutsikta.

Dagleg leiar Rolf Tage Gjøen har eitt bestemt kriterium for kva som vert avgjerande for hans del: Eigedomsskatt.

– Stemma mi går til den som har lågast eigedomsskatt for bedrifter, vi vil til dei rikaste, haha! Men Molde og Kristiansund er vel like fattige. Nei, ein må stemme med hjartet, seier Gjøen, og avslører at hjartet bankar for Kristiansund. Men det er likevel ikkje så veldig nøye – samanslåing med Molde vil også kunne vere greitt.

– Del kommunen!

Men mest opplagt for denne kommunen burde jo vere å dele den i to, så dei i nord kunne gå til Kristiansund, og dei i indre til Molde, slik det er naturleg både i høve til geografi og tradisjon. Ein kan ikkje tvinge folk på Bergsøya til Molde, og like eins må folk i Angvika sleppe å bli slept til Kristiansund.

– Vi må bruke fornufta, eigentleg burde vi fått nokon utanfrå til å bestemme dette. Gjemnes må vere ein av dei vanskelegaste kommunane med tanke på å finne ut av desse tinga, både ut frå geografi og tilknyting. Nei, kommunen burde nok absolutt splittast opp! seier Gjøen.

Delt syn

På fabrikken er kommunens framtid hyppig tema, med dei fleste meiningar representert. Synnøve Sørvik frå Angvik er ein av dei tilsette, for henne er det opplagt at Molde er det opplagde alternativet.

– Samanslåing med andre landkommunar vil vere å ta eit steg bakover. Det må bli å fortsette som eigen kommune, eller å gå saman med ein by. Åleine går vi vel konkurs, så da er det naturleg at vi slår oss saman med ein by, og da er Molde det mest opplagde, både nær og praktisk. Frå indre Gjemnes er det langt fleire som pendlar til Molde på jobb enn til Kristiansund, dei unge reiser dit på skule, der handlar vi og får gjort ærend, Med det nye sjukehuset på Hjelset, blir det enda meir opplagt, seier Sørvik.

Ho håper at også Nesset kommune blir med til Molde. Og ser som nordmøring ingen problem med å tenke på samanslåing med romsdalskommunar.

– Det går heilt fint. Vi er vane med å forholde oss til naboane i sør, men vil samtidig sjølvsagt halde på nordmørsdialekten og nordmørsbunaden.

– Vanskeleg sak

På Batnfjordsøra står porten inn til bilverkstaden til Pål Arne Sitter open, og den tidlegare Frp-politikaren slår gjerne av ein prat.

– Men kommunereforma er eit brennbart tema, ein bør sjå an folk før ein seier det ein meiner. Eg har kundar frå heile området, og ser at håra reiser seg når ting ikkje stemmer, seier han.

Sitter meiner det er ganske dårleg gjort av staten å overlate slike vanskelege saker til lokalpolitikarar,

– Stakkars folk som må finne ut av dette – her i Gjemnes peikar jo svara i alle retningar. Så eg kjem ikkje til å stemme ved folkeavstemminga i juni, det er ikkje vits i, eg blir ikkje med på denne dansen, seier ekslokalpolitikaren.

Han oppfattar det som at det er full forvirring om situasjonen og alternativa, og at ein til og med kan sjå for seg at kommunen blir delt – som det også kanskje kan vere gode og historiske argument.

– Men blir det eit val mellom Molde og Kristiansund, så er det naturlege valet Kristiansund. Vi er nordmøringar, så da går det den vegen, vi har jo til og med motorveg dit!

– På landet

Rundt hjørnet treff vi på May Anita Dønheim, som ikkje er like sikker på at det er best å hekte seg på Kristiansund.

– Det beste er om vi kan halde fram som eigen kommune slik det er, eg er godt fornøgd med det. Her er det små forhold og rask saksbehandling. Vi er på landet, slett ingen bykommune, så om vi skulle slå oss saman med andre, burde det eventuelt bli andre landkommunar som Eide eller Averøy. Sjølv om eg bur på Bergsøya, er eg er ikkje interessert i at vi skal til Kristiansund, der er det dårleg økonomistyring – eg er ikkje interessert i at skattepengane mine skal brukast til kulturbygg i byen, seier Dønheim.

Ho synest ikkje der er rart at folk i ulike deler av Gjemnes kommune har ulik haldning til kommunens framtid.

– Kommunen er geografisk splitta, nord og sør i kommunen har lite felles, sjølv er eg er aldri på Angvik eller Flemma, seier Dønheim.

Ho vil stemme 6. juni:

– Den som ikkje stemmer, kan ikkje klage etterpå!

Vil sørover

Vi stikk innom ein av butikkane, der Evelyn Harstad er i ferd med å avslutte ein handel.

– Vi må til Molde, ja! Sjølvsagt! Eg forstår ikkje dei som vil til Kristiansund, Det er jo Molde vi bruker til alle ting, det er langt meir lettvint å dra dit enn nordover, slår fru Harstad fast.

Ho fortel at ho bur på Åndal, like ved kommunegrensa, og i alle år har reist over Fursetfjellet til jobb på sjukehuset på Hjelset.

– Når det nye sjukehuset kjem, blir det «svert», og bra for oss også, med ringverknader, veit du, seier ho.

Og ser ingen problem med at nordmøringar frå Gjemnes skulle slå seg saman med romsdalingar.

– Vi har alltid hatt mykje med romsdalingar å gjere, så det går heilt fint!

Kjensler og fornuft

På lærarrommet på Batnfjord skule er kommunereform og framtida for Gjemnes også eit høgaktuelt tema, om det enn varierer kor engasjerte folk er. Mellom dei som er opptekne av situasjonen, er Ann Jorunn Aspen.

– Vi veit jo at det er stor forskjell på kor folk her i kommunen har tilknyting, slik innbyggarundersøkinga tydeleg viste. Dei i nord vil mot Kristiansund, dei i indre vil til Molde. Eg tenker at dette handlar om fleire ting, både om kjensler og tradisjonar, men også om praktiske og samfunnsøkonomiske løysingar.

Helst såg eg at vi kunne halde fram som eigen kommune, men det økonomiske med kutt i tilskot vil vel gjere det vanskeleg. eg er oppteken av nærmiljøet, som lærar også av skulestruktur og eventuell ny skuleeigar – vi er redde både for å miste goda vi har, og for å misse påverknadskraft. Uansett om vi går til Molde eller Kristiansund, blir vi ein utkant.

Eg ser for meg at det skal bli stridt å nå gjennom med våre behov og synspunkt i kommunestyret om vi blir med i bykommune.

Dette handlar både om hjarte og fornuft, i hjartet er eg nordmøring, men fornufta ser dei store utfordringane Kristiansund har med økonomien. Dette er veldig vanskeleg, men eg vil nok velje Kristiansund, seier Aspen. Ho legg til at om det likevel skulle bli Molde for Gjemnes, er det ikkje så ille det heller.

Vil nordover

På Astad på Batnfjordsøra treffer vi ein gjeng som ordnar med ved – Anne Astad, Leiv Runar Strøm, Andreas og Silje Kammen erklærer at dei definitivt kjenner seg som nordmøringar.

– Det beste er å vere for seg sjølv, om det ikkje går, så må det bli ei løysing med Nordmøre, seier dei fire.

– Gjemnes er Nordmøre, det er her vi høyrer til. Det blir heilt feil om vi skulle til Molde, seier Andreas. Både han og Silje har gått skule og jobba både i Molde og Kristiansund, og er ikkje i tvil om kva som er deira by.

– Vi er jo heldige som bur midt mellom byane, det er lett å komme seg til begge slik sett. Men Kristiansund er best, det er kjekkare, folk er trivelegare, seier Silje.

– Gjemnes har jo fleire år slite med økonomien, men no går det ganske bra. Det er trasig om vi no når det endeleg rettar seg, må til ein av byane der dei verkeleg slit med økonomien. Men om alle andre slår seg saman, vert det nok ikkje lett for Gjemnes å stå åleine, seier Anne Astad.

– Til Kristiansund

Vi reiser til Bergsøya ved Krifast, ikkje langt unna Freifjordtunnelen og innfarten til Kristiansund. I barnehagen treffer vi Linda Øverås, ho er eigentleg romsdaling frå Tomrefjord, men har budd her så lenge at ho kjenner seg lokal.

– Helst vil eg behalde kommunen som den er, det ville vere det beste. Men om det ikkje går, er nok stemninga her at folk trekker mot Kristiansund, ja, det er ikkje naturleg å orientere seg mot Molde, seier Øverås.

– Best åleine

Vår retur går via Angvik, med stopp på næringsparken. Bak første dør treffer vi Randi Duaas Indergård.

– Eg er kjøle usikker! Det er vanskeleg å gjere seg opp meining om kva som er best. Det er litt skremmande å skulle henge seg på ein by, og Gjemnes har jo klart seg bra siste åra. Trass i høg eigedomsskatt og kommunale avgifter, syntest vi det såg lyst ut for Gjemnes no. Førsteønsket er nok å stå åleine, ein veit kva ein har, men ikkje kva ein får! Om ein likevel må ut og slå seg saman, hadde jo Nesset vore eit naturleg val, men når det ikkje er aktuelt, er det vel Molde som peikar seg ut, seier Duaas Indergård.

– Til Molde

Nokre trapper opp finn vi Espen Kjærnli.

– Det er ikkje liv laga for Gjemnes kommune åleine, det blir for smått. kommunen må slå seg saman så det vert ei større eining, da er det jo mest naturleg med Molde. Reint praktisk er det er raskast å komme seg dit, mange her pendlar til Molde på arbeid og skule. Eg trur yngre folk tenker ganske praktisk på dette, medan eldre kanskje kjenner meir på at dei er nordmøringar og dermed må fortsette å orientere seg nordover. For min del er det heilt problemfritt å høyre til Romsdal, det går ikkje ut over nordmørsidentiteten, seier Kjærnli.

Usikker

Vi tek eit siste stopp ved butikken i Angvik, der Lars Christian Eriksen er på veg heim til Osmarka med handleposen.

– Kommunereform, nei det er eg vel ikkje så oppteken av, seier Eriksen.

Han har uansett klart for seg at folket er splitta og meiningane delte om kor kommunen bør orientere seg.

– Men eg trur det må bli Molde, det kjennest mest riktig, seier Eriksen.

Kommunehistorie

– For å finne vegen framover, kan det vere nyttig å sjå bakover! seier Ole Eimund Øverland. Han er i ferd med å ferdigstille boka om Gjemnes kommunes første 50 år. Han kjenner historia «innanfrå» også frå sine 18 år som ordførar i kommunen.

Øverland er oppteken både av kommunens fortid og framtid.

Slått saman

Tilbake i 1964 vart Gjemnes kommune etablert ved at regjeringa slo saman krinsane Gjemnes, Bergsøya, Øre og Tingvoll sørland – altså Flemma og Angvik.

– Det blir omtalt som ei litt tilfeldig samanrasking av det som vart igjen etter at andre hadde forsynt seg?

– Vel, det skal eg ikkje uttale meg om, men det er klart at det i si tid frå nokre hald var stor motstand mot denne samanslåinga. Folk i dei ulike krinsane hadde ulike tilknytingar, og det har teke tid å bygge ein eigen Gjemnes-identitet.

– Korleis er det med denne identiteten no?

– Det finst nok enno ikkje fullt ut ein gjemnesidentitet. Dette kjem også tydeleg til uttrykk i den debatten vi har no, seier Øverland.

Mellom byane

Starten på den nye Gjemnes kommunen var likevel optimistisk, plasseringa mellom to byar var sett på som gunstig.

– Det var store forventningar i starten, men det skulle vise seg at det ikkje var så lett å vera liten mellom to store. Det var lite hjelp å få frå Molde og Kristiansund, den eine var ikkje betre enn den andre, seier Øverland.

– No kan det vere aktuelt med samanslåing med ein av byane, korleis ser du på det?

– Eg har vanskeleg for å sjå at alt blir betre berre av å bli større. Vi har svært gode kommunale tenester i Gjemnes, betre enn både i Kristiansund og Molde.

– Men dei økonomiske rammene med tap av inntekter vil vel sette stoppar for det?

– Tja, eg synest det er grunn til å stille motspørsmål: Om vi slår oss saman med ein av byane, er det så sikkert at vi får tilsvarande pengar som det vi taper, frå Molde eller Kristiansund? Da trekker dei fleste på smilebandet – det er ikkje veldig sannsynleg. Og så er det jo slik at eit vedtak gjeld berre til eit nytt er fatta.

– Kan deling av kommunen igjen tenkast som eit alternativ?

– I kommunestyret er nok det sett på som det verste, og ein situasjon ein vil unngå. Blir kommunen delt, vil tenestetilbod smuldre opp, og folk må lenger vekk for å få skule- og sjukeheimstilbod.

– Kva svar kan historia gi på dagens utfordringar?

– Det er jo alltid mange ting som påverkar. Men eitt av svara historia kan gi, er at det ikkje nødvendigvis er betre å vere stor enn liten, seier Øverland.