– Mykje kan skje, men la det vere heilt klart – eg som ordførar i Aukra har ikkje tenkt å la vere å følgje opp avstemmingsresultatet, der eit klart fleirtal av dei som stemte vil at Aukra skal halde fram som eigen kommune, seier Riksfjord når Romsdals Budstikke spør om samanslåing no er utenkeleg.

Sprikande resultat

Folkeavstemminga 25. april gav følgjande resultat: Aukra åleine 59,3 prosent, Aukra slår seg saman med Midsund 24,3 prosent og Aukra slår seg saman med fleire romsdalskommunar 15,6 prosent.

Midsundingane ville det slik: Midsund går saman med Aukra 75,8 prosent, Romsdalsalternativet 22,5 prosent.

Situasjonsbestemt resultat

Slik mange i dei to øykommunane tolkar resultata, var folkefleirtalet i Aukra ein reaksjon på kritikk som kom frå Midsund. På same vis vert resultatet i Midsund tolka som ein tilsvarande reaksjon på «all svartmålinga» der.

Med andre ord: «Brura er villig, men brudgommen vil ikkje».

– Er svaret frå Aukra endeleg?

– I lys av folkeavstemming og innbyggarundersøking, ja. Prioritet 1 er Aukra åleine, men fleire samferdselsprosjekt er på gang, og desse er eg viss på vil innverke på det som skjer i framtida.

Spent på NTP 2017

Ordføraren ser fram til neste år når NTP (Nasjonal transportplan) kjem.

– I juni 2017 veit vi mykje meir. Dersom Møreaksen og Kjerringsundet er med der, kan det bli aktuelt å sjå på Aukra og Midsund igjen, enten då eller om eit år eller to eller tre til, seier Riksfjord.

– Om NTP går for Møreaksen, og Kjerringsundet, har vi ein fasit å halde oss til. Vi vil kunne rekne med at vegane kjem i 2021–2023. Er dei ikkje med neste år, snakkar vi om 2030 eller vel så det.

– Er lov på vente

Elles peikar Riksfjord på at reforma ikkje legg ned forbod mot endringar i kommunekartet etter 1. juli.

– Det er lov å vente nokre år med å slå seg saman. Reforma stenger ikkje for det, avsluttar aukraordføraren optimistisk.