Dei ivrigaste starte klokka 09 søndag med bålkaffi på den nye posten Skjæran.

– Her er fine skjær, svaberg og strand, det er Nessets svar på Sørlandet. Og så har vi fjell og fjord i tillegg – det er ei perle! Veldig kjekt at fleire no kan finne fram til og nyte denne fine plassen, seier entusiastiske lokalkjende.

Hogne Frydenlund, Mari Husan og Bjørn Ølander viser veg frå parkeringsplassen like ved Prestegarden i Nesset, nedover nyrydda sti gjennom «trollskog», forbi husmannsplassen og ned til fjøreidyllen Skjæran.

Nye turmål

Skjæran er ein av åtte nye Stikk Ut-postar i Nesset i år. Mange kjenner plassen frå før – den er populær både som badeplass, fiskeplass, blåskjellokalitet, ilandstigingsplass for kajakk- og kanopadlande, teltplass for overnatting ute – eller berre som ein fin, liten tur.

Med vel 300 meters gange frå parkering er plassen tilgjengeleg for dei fleste. Tilsette på kommunehuset har nyleg hatt dugnad og rydda både stien og strandområdet, merka stien, rusta opp bålplassen og tilrettelagt for tauleik for barn.

Turbokkassa er plassert med utsikt innover fjorden mot Skjorta, benkar av drivved og ny bålpanne, er det klart for Stikk Ut-innrykk.

Bålkaffi

Søndag morgon var det nemleg invitert til sesongstart med Stikk Ut-frukost på Skjæran: Kommunens Stikk Ut-folk og Prestegardens venner stilte med fyr på bålpanna og nykokt kaffi – maten tok folk med sjølve.

– Tursesongen er i gang igjen, det er det jo all grunn til å feire, seier Hogne Frydenlund, friluftslivskonsulent og Stikk Ut-koordinator i Nesset kommune.

– Vi har tradisjon for å ordne ein litt ekstra triveleg start på sesongen, vi tek med oss vidare tiltaka frå Friluftslivets år i fjor. Vi er opptekne av friluftsliv i kvardagen, å ta ein rusletur er viktig for helsa. Då er enkelt tilgjengelege turmål som Skjæran viktige, seier folkehelsekoordinator i Nesset kommune, Mari Husan.

På Sekken

Også på Sekken var det markering av Stikk Ut-sesongen søndag. Dei som ville ta dei to postane på øya, blei tilbydd lokalkjende turgaidar og val mellom tøff og roleg løype. På andra sida av øya er det open kafé i dag, og konsert når turfolket kjem ned frå fjellet.

Sesongstart

I Nordmøre og Romsdal Friluftsråd er Stikk Ut-ansvarleg Marte Melbø glad for at sesongstart vert markert lokalt – på eige initiativ.

– Folk er så ivrige, det er veldig fint. Vi er også heilt avhengige av samarbeid med lokale lag, foreiningar og einskildpersonar, som legg ut kodane til turmåla. Utan desse hadde det ikkje gått, seier Melbø.

Ho poengterer at nokre av turmåla enn så lenge er utilgjengelege og utan kode på grunn av snøforholda, men blir merka så snart råd er. Informasjon vert oppdatert på Stikk Uts nettsider.

– Nokre av Stikk Ut-turane kan på denne tida vere skiturar. Det er da viktig at folk gjer eigne vurderingar før dei legg ut på tur, særleg no i høve til muleg rasfare. Folk må også ta omsyn når stiar er våte så terrenget ikkje vert øydelagt, hugse på bandtvang for hund, og elles ta omsyn, seier Melbø.

Fleire turar

Stikk Ut  i år har 179 turar i dei 15 medlemskommunane, 8 fleire enn i fjor.

– Vi er ikkje ute etter rekord, men aukar talet på turar fordi folk ønsker seg fleire turmål i eigen kommune. Av dei 10.000 som deltek er det berre eit fåtal som tek alle turane – poenget er jo også at turane skal vere tilgjengelege og at flest muleg skal komme i aktivitet, seier Melbø.

Ho viser til at fordelinga på turane i høve til vanskegrad er som før, med flest «grøne» og «blå» lette ruter.

Kart og app

Alle husstandar har fått Stikk Ut-kart med turmåla denne veka, og turinformasjon finst tilgjengeleg på appen Morotur som no er oppgradert.

Rådgivar Petter Jenset i Møre og Romsdal fylkeskommune opplyser at ruter med kart og turskildring kan lastast ned frå appen før ein legg ut på tur, og slik vere tilgjengeleg også ute i terrenget uavhengig av mobildekning. I tillegg vil GPS-signal gi posisjon, slik at ein enkelt skal finne fram til turmåla.

For bedrifter

Nytt av året er også Stikk Ut for bedrifter, eit tiltak Melbø har stor tru på. Om lag 30 bedrifter lokalt er allereie i gang.

– Det passar for både store og små bedrifter, og er ei artig form for trim. Vi meiner det kan nå enda fleire enn Sykle til jobben-ordninga, seier Melbø.

Pakke

Tilbake på Skjæran har dei tre turentusiastane prøvekøyrt den nye bålpanna, sett på niser som leika på fjorden, og beundra utsikta innover mot Skjorta og utover mot Skåla.

– Og når folk først kjem hit, kan dei med same utgangspunktet også få med seg Bjørnsonstien, Prestneset, Prestaksla og Prestegarden. Skjæran og Stikk Ut er kjempebra i seg sjølv, men det er også del av eit større bilde der trivsel, folkehelse, bruk av nærmiljø og glede over lokal kulturhistorie er samanvove, poengterer Husan, Ølander og Frydenlund over ein passe sotete Kaffilars.

Og ønskjer nye og gamle besøkande velkommen til Skjæran og romsdalsk sørlandsidyll.