Midsund kommunestyre vil bygge nytt administrasjonsbygg på Antonbutomta. Den gamle bua blir bevart og pussa opp.

Den gamle Antonbua har vore ein gjengangar i politikken i Midsund. Mange ville rive, andre bevare. No ligg det an til eit kompromiss, der også Riksantikvaren er på lag.

Då saka var oppe i kommunestyret torsdag, fekk den samstemt tilslutning.

– Det er godt å sjå at Riksantikvaren er på lag med oss. No gjeld det å kome i gang med utfylling, slik at grunnen får sette seg, sa Arnstein Misund (KrF).

Ny tid for sentrum

Inger Lise Trønningsdal (H) understreka at dette vil bli ei oppgradering og opprusting av heile Midsund sentrum, der det blir lagt stor vekt på nærleiken til sjøen og det maritime miljøet som Midsund er så avhengig av.

– Vi har komme oss vidare, konkluderte Frits Inge Godø (V).

I vedtaket heiter det at Midsund kommune vil bygge nytt administrasjonsbygg på Antonbutomta. Det er lagt til grunn at Riksantikvaren gir løyve til flytting / riving av naustet og riving av tilbygget til Antonbua. Arbeidet med riving og flytting skal vere gjort før 1. august i år, heiter det i vedtaket.

Fellesprosjekt

Deretter vil Midsund kommunen planlegge og starte arbeidet med utfylling og heving av tomta, Midsund kommune skal stå som byggherre for prosjektet. Kommunen skal i samarbeid med Marine Innotech Centre AS og eventuelt andre næringsaktørar planlegge bygging av eit nytt felles kontorbygg. Kostnadsramma for prosjektet er så langt ikkje kjent.

Det skal utarbeidast intensjonsavtale mellom Midsund kommune og aktuelle leigetakarar, denne avtalen skal opp til godkjenning i kommunestyret den 16. juni.

Tomta er på 2,6 dekar. I tillegg kjem utfylling i sjøen. Den gamle Antonbua blir ståande og skal rustast opp utvendig.