Vedtaket kom etter ein lang og til dels heftig debatt, men ordførar Odd Helge Gangstad (Sp) måtte bruke klubba berre ein gong då det gjekk litt varmt.

Mindretalet var heller ikkje mot å snakke med Molde om kommunesamanslåing, men dei ville først ha klarsignal frå folket gjennom ei innbyggarundersøking i første del av mai. No blir det innbyggarundersøking, der intensjonsavtalen med Molde blir lagt fram.

Mindretalet ville ha to alternativ: Midsund som eigen kommune eller Midsund saman med Molde. Forslaget vart sett fram av Lars Joar Hagseth (Ap).

Hastverk?

Frits Inge Godø (V) og Arnstein Misund (H) var sterke talsmenn for at Midsund må takke ja til invitasjonen frå Molde og komme i gang med forhandlingane raskt. Venstre delte seg i denne saka, det vart avgjerande for utfallet.

Forhandlingsutvalet hadde møte onsdag kveld. Same dag tikka det inn ei melding frå Torgeir Dahl, om at Molde gjerne ville møte Midsund til forhandlingar. Slik blir det, og forhandlingsnemnda i Midsund blir utvida slik at alle parti i kommunestyret blir representert.

Fleirtalet i Midsund ville i utgangspunktet gå saman med Aukra, men i Aukra var det fleirtal for å halde fram aleine.

Folket i ryggen

– Når førstevalet fell ut, må vi sjå oss om etter ein ny kandidat. Det kan vere Molde, men vi må få fullmakt frå folket til å starte forhandlingar med Molde. Det hastar ikkje meir enn at vi kan vente til resultatet av innbyggarundersøkinga er klar. Dersom vi startar forhandlingar direkte, bryr vi oss ikkje om resultatet av folkeavstemminga, sa Magne Reiten (Sp). Han la til at denne saka heller ikkje stod på sakskartet til kommunestyret torsdag.

Trange tider

Signal frå regjeringa om kutt i overføringane til små kommunar kom også inn i debatten.

– Vi må gå ut frå situasjonen slik den er. Vi kan ikkje håpe på regjeringskrise med meir pengar til små kommunar som Midsund, La oss ta imot invitasjonen frå Molde og sjå kva dei har å tilby, sa Arnstein Misund (KrF).

– Vi må gripe dagen. Tida går, og vi har eit ansvar for å styre kommunen. Pengane veks ikkje på tre, sa Frits Inge Godø.

Dermed var det klart for avstemming, som ga grønt lys for forhandlingar med Molde i løpet av kort tid.

– Vedtaket er klart. Vi skal gjere det beste ut av det, lovar ordførar Odd Helge Gangstad. Kommunestyret fattar endeleg vedtak i juni.