Midsund kommune er ein av taparane etter omlegginga av inntektssystemet som regjeringspartia med støtte frå Venstre legg opp til.

Torsdag orienterte økonomisjef Arild Sjøvik kommunstyret om saka,  der Midsund ser ut til å tape 2,9 millionar kroner i overføringar etter ein kort overgangsperiode.

– Eg er mållaus. Dette er omvendt Robin Hood-politikk. Trøsta er at det er stortingsval neste år, sa Lars Joar Hagseth (Ap).

– Dette er ikkje noko nytt. Arbeidarpartiet har vore einige både om kommunereforma og omlegging av inntektssystemet, svara Frits Inge Godø (V).

Frivillig

– Vi er positiv til kommunereform. Forskjellen er at det skal vere frivillig, det er viktig, sa Lars Joar Hagseth.

Midsund kommune har i dag kontroll over økonomien, og kommunestyret godkjente årsmelding og rekneskap. Både drifts- og investeringsrekneskapen viser balanse, og rådmann Ketil Ugelvik kunne orientere om at kommunen har bygd opp eit driftsfond på fem millionar kroner.

– Å drive Midsund kommune er eit stort dugnadsprosjekt. Eg vil takke alle tilsette, politikarane og dei tillitsvalde for fin innsats, sa Ketil Ugelvik.

Spent på fraamtida

No ventar alle spent på kommuneøkonomiproposisjonen, som blir lagt fram den 11. mai. Signal om at det vil bli lagt mindre vekt på utjamning og at kommunane skal få behalde meir av skatteinntektene, kan ramme Midsund negativt. Rammene for overføringane til ressurskrevjande brukarar er også viktig for økonomien i Midsund.

– Når rådmannen og økonomisjefen peikar på dei utfordringane vi har, må vi arbeide for å få ei felles oppfatning av kva som skal til for å bringe oss vidare, sa Inger Lise Trønningsdal (H). Dermed var startskotet for debatten om kommunereforma avfyrt. Den kom på slutten av møtet.