– Det er trist å lese om angrepa og dei nedlatande påstandane frå Midsund. Det seier ordførar Bernhard Riksfjord (Ap). Utsegn i kommunestyret frå naboane i Midsund, og ikkje minst dei som kom frå Kolbjørn Stølen (H) har ikkje gått upåakta hen i Aukra.

– Dette er til dels nedlatande skildringar av Aukra kommunestyre og dei om lag einstemmige vedtaka som er fatta der. Det er trist å lese og vanskelig å forstå, sier han i en kommentar.

Personleg

– I ifølge Stølen sin framstilling i  Romsdals Budstikke, har han hatt god tid til å sitte heime med øydelagt fot og Nav som betalar. Mitt ønske til Stølen er at foten vert bra. I mellomtida kan det kanskje være greitt å ta fram ein spegel, sjå inn i den og stille seg sjølv nokre spørsmål.

Eigne meiningar

Riksfjord håper dette er utspel frå enkeltrepresentantar, og ikkje den haldninga og det nivået Midsund kommune og andre skal legge seg på når dei skal inn i forhandlingar. I så fall vil ikkje Aukra kommune vere med på det.

–Vi må alltid rekne med nokre sleivspark. Men eg trur ikkje at vi på grunn av slike utspel skal frykte for klimaet i framtidige forhandlingar.

Robek

– Kvifor har det som i følgje Stølen er «den einaste Robek-kommune i Romsdal», hittil bidratt med om lag 140 millionar kroner gjennom GassROR IKS og andre ordningar til gode og samfunnsnyttige formål og tiltak i heile Molde-regionen?, undrast Riksfjord.

– Som eit eksempel køyrer innbyggjarar frå Midsund, Aukra og Søre Fræna  dagleg gjennom Haukebøtunellen. Den er finansiert mellom anna frå det som er skildra som ein Robek-kommune.

Store beløp

Riksfjord er tydeleg på at dersom inntektene og dei forventa ilandføringsåra til Nyhamna i Aukra vert vidareført som det er rekna med, vil Molde-regionen kunne få tilført om lag 750 millionar kroner i den forventa ilandføringstida.

– Det er mine og Aukra kommune sine forhåpningar at vi i fellesskap kan framsnakke kvarandre, i staden for det motsette som det no vert lagt opp til, avsluttar Riksfjord.