– Eg har vanskeleg for å sjå at det er rom for ei slik investering i planperioden utan at ein er villig til å sjå på inntektssida. Det vil seie å innføre eigedomsskatt, skriv rådmann Ketil Ugelvik i sitt budsjettframlegg.

– Med ei slik inntekt er det ein større sjanse for at prosjektet kan realiserast. Elles er det ikkje økonomi til å gjennomføre prosjektet med fellesskole dei komande åra, meiner han.

Ein skule

Det var Høgre som i førre kommunestyreperiode fekk gjennomslag for at administrasjonen skulle starte arbeidet med plan for utbygging av ein sentralskole. Målet var å huse alle grunnskoleelevar i kommunen.

– Med vurderingar som er gjort, treng vi eit netto areal på rundt 1890 kvadratmeter brutto. Basert på nybyggprisane for skulebygg snakkar vi om ein kostnad på vel 62 millionar kroner. Det vil gje finansutgifter på inntil 3,5 millionar kroner, slår rådmannen fast.

Innsparingar

Han legg til grunn at flytting av Raknes skule til ein ny fellesskule vil føre til mindre økonomiske innsparingar. Eit slikt prosjekt vil gje gevinst i form av sterkare og større fagmiljø, og det kan vere eit strategisk trekk i lys av kommunereforma.

– Men eg kan vanskeleg sjå at det er rom for ei slik investering i planperioden 2016–2019. Vi slit med å sy saman eit forsvarleg budsjett, og vi har ingen andre strukturelle grep å ta.

Endringar

Skal vi frigjere driftsmidlar for å finansiere eit slikt prosjekt, vil det øydelegge andre delar av tenestetilbodet. Og eventuelle enderingar av inntektssystemet vil truleg ikkje kome kommunar som Midsund til gode, trur rådmannen.

Men skal ein gå vidare med prosjektet, må det avsettast midlar til planlegging og prosjektering i budsjettet for 2016.

Negativ

Kommunestyret har tidlegare vore tydeleg med eit nei til innføring av eigedomsskatt. No er det nye representantar som styrer.

Men Høgre (5), Venstre (3), Frp (1) og KrF (1) gjekk til val på at dei er imot innføring av eigedomsskatt. Desse partia utgjer fleirtalet (10 av 17). Senterpartiet (4) og Arbeidarpartiet (3) er heller ikkje begeistra for eigedomsskatt, men er likevel open for at det er nødvendig for å gi ny skule.

Dette vert utfordrande for alle parti, som utan unntak har prioritert ei snarleg utbygging av fellesskule for 1. til 10. klasse i sitt valprogram.