Spørsmåla var mange då eg vandra oppover mot det fråflytta bruket oppe i fjellsida på Ås i Fræna saman med kjentmann Ole Arne Aas.

Eg var inspirert av Edvard Hoems roman «Slåttekar i himmelen» der folk frå Slutåsen spelar ein viktig rolle, og ikkje minst var eg nysgjerrig på den enorme jettegryta og «Oksebåsen», den djupe fjellhola i skaret under Holskarhammaren. I tillegg såg eg fram til ein fin tur, interessant lokalhistorie og ikkje minst det fagre utsynet mot hav og holmar, fjord og fjell.

Salmakar Ole

Etter 1,5 km langs gardsvegen er vi oppe ved nokre nedgrodde murar, tuftene frå det yngste av dei to bruka på Slutåsen. Litt lenger oppe står det fint vedlikehaldne bustadhuset og nokre svært forseggjorde murar etter løa på det eldste bruket. Slutåsen har vore buplass for folk og fe i alle fall så langt tilbake som til tidleg 1600-tal, men  i 1970 var det slutt. Dei siste bufaste på Slutåsen var Peder Groven og Olga Aas.

Vi set oss ned på steintrappa og tar fram «Slåttekar i himmelen».

– Her var det altså at Salmakar Ole Aas og kona hans Gjertine budde til dei emigrerte til Amerika på 1880-talet?

– Nei, salmakaren på Slutåsen er nok ein litterær person i Edvard Hoems roman, seier Ole Arne Aas og blar opp i Gard og slekt i Fræna bind III.

Slutås-folket

Her står Slutås-folket fram med namn og årstal frå tidleg på 1600-talet. Øydegardsmannen Ingebrigt Slutås er registrert som den første brukaren frå 1602 til 1622. Seinare følgjer, Arne, Ole, Hans, Jakob, Ole, Jakob, Erik, Knut, Jon, Søren og ei lang rekke andre karar og namnlause kvinner. Dei må nøye seg med å bli nemnt i ordelag som «enka sat att som brukar ...»

Men vi ser også at sjølv om Salmakar Ole manglar i bygdebokforfattar Johan Julnes sine nøyaktige namnelister, er det ikkje vanskeleg å finne folk frå Slutåsen som minner om og liknar på Ole og Gjertine i Edvard Hoems roman. Mange frå Slutåsen gjorde som dei, pakka reisekistene sine, køyrde med hest og kjerre til Eide, tok dampbåten til Trondheim, Bergen, Hull, tog til Liverpool og amerikabåten vidare til større gardar og eit betre liv på den andre sida av havet.

I 1868 blir det skilt ut eit bruk nummer 2, og frå då av snakkar vi om «Søråsen» og «Nøråsen». I våre dagar er det Kristin og Per Ove Groven som er grunneigar på Slutåsen. Dei brukar innmarka til beiting og slåttemark, og om sommaren møter du beitande mjølkekyr på Slutåsen.

Jettegryta

Ole Arne og eg held fram på ein fin sti vidare til toppen av Holskarhammaren. Herfrå har vi eit praktfullt 360 graders utsyn mot fjord og fjell, holmar og hav. Dette åleine er ein god nok grunn til å ta turen til Slutåsen og fjellryggen rett bak gardstunet. Men frå toppen av hammaren går fjellet stupbratt ned til eit skar, og eg nyttar høvet når eg har med meg ein lokal kjentmann. Vi skal avslutte turen med å finne holene i skaret som har gitt namn til hammaren.

Hjorten har trakka opp ein brukbar sti, og snart er vi nede ved den første attraksjonen, jettegryta. Eg tur nesten ikkje det eg ser. Her inne i skogen langt frå både elvar og sjø ser eg polert fjell og restane av ei stor jettegryte. Her har vatn og steinar i rørsle forma landskapet. Kan det vere frå istida, eller er det havbårene som har forma den enorme jettegryta i ei tid då dette var sjø og ikkje skog?

Oksebåsen

Neste post er dagens høgdepunkt for meg. Nest etter fjelltoppar likar eg meg når eg får krype og kravle inn i mystiske holer i fjellet. Eg blir aldri lei av dei skjulte marmorgangane i Trollkyrkja, Bjørnaremshellarane på Midøya, Franskhelleren på Dryna og ikkje minst dei mange historiene som knyter seg til desse mørke formasjonane langt inne i fjellet.

– Her er Oksebåsen, seier Ole Arne og peikar på ei trong kløft som fører vidare inn i fjellet.

Krype til Trollkyrkja?

Først kan vi gå oppreist, så må eg bøye meg ned og etter kvart krype. Eg har ikkje med lykt, og kan dermed ikkje seie noko om kor langt eg kunne ha kome. Eg må nok tilbake ein annan gong, for eg må sjølvsagt finne ut om det kan vere sant at ein hund som forsvann på ein tur i Trollkyrkja, kom ut gjennom Oksebåsen ved Slutåsen.

Eller kanskje ikkje?