- Eg meiner det må koma på plass pengar i statsbudsjettet for 2016 til å starte bygging av Molde tinghus, seier Jenny Klinge (Sp).

- Regjeringa legg fram forslaget sitt til statsbudsjett for 2016 på onsdag, og det er all grunn til å vera spent på om det er lagt inn pengar til Molde tinghus der. Dersom dei får 16 millionar, kan ein koma i gang, og då får ein fullført prosjektet før andre store domstolsbygg skal byggast, seier Klinge.

Dersom ein derimot ikkje får pengar no, kan det spøke for eit nytt Molde tinghus.

- Det vil vera svært synd, fordi det er mange grunnar til at det trengst eit nytt bygg. Dagens lokale i fylkeshuset er for dårlege, forholda kring sikkerheit er kritikkverdige, den tiltalte og den fornærma har ikkje seperate lokale å opphalde seg i og så vidare, poengterer Klinge.

- Eg meiner vi må få på plass eit nytt bygg snarast, og har prøvd å påverke regjeringa gjennom å synleggjera behovet for pengar i statsbudsjettet for 2016, seier Klinge, som også har hatt god kontakt med sorenskrivaren i Molde og med Domstolsadministrasjonen i denne saka.