Konsernsjef Rune Marthinussen presenterte situasjonen for Glamox ASA.

– Glamox er inne i ein god periode, og har hatt 10 prosent vekst siste 4–5 åra. 2015 var eit toppår med 2,5 milliardar kroner i omsetning.

Glamox-konsernet ser moderat vekst i åra som kjem, sjølv om 2017 blir utfordrande.

Fabrikken er ramma av nedgangen i olje- og gassmarknaden, men nye LED produkt til det landbaserte marknaden vil kunne motverke denne nedgangen.

Men dette vert dempa av at andre marknader er i vekst, som militære fartøy og cruiseskip.

Vi ser også ein stor vekst i overgang til LED-belysning, som gir store innsparingar på energibruk og vedlikehald, og positive effektar som betre produktivitet. Forsøk med slik belysning i skular viser at rett lys gir auka læring.

Dette vil gi god vekst også framover for Glamox i åra som kjem, trass i svak vekst i verdsøkonomien elles.

Kompetansemiljøet og fabrikken i Molde er svært viktig for konsernet også i åra framover.

Fagmiljøet i Molde dekker viktig kjernekompetanse knytt til mellom anna leiing, marknadsføring, produktutvikling, produksjon og logistikk.

Vi har også det mest avanserte lyslaboratoriet i Europa her.

Med dei rette haldningane og tilpassingane, så kan vi på vårt felt konkurrere med kven som helst, kor som helst.

Glamox har totalt 453 årsverk tilsett i Norge, av dette er om lag 50 i Oslo.

For tida er det 320 årsverk i Molde, av dette 203 tilsette i fabrikken.

26 tilsette er akkurat no permitterte.

Med bakgrunn i ein usikker marknadssituasjon, ser vi ingen store endringar i dette bildet på kort sikt.