Det var 16 år gamle Sondre Hagerup Lyngstad fra Eide som omkom i mc-ulykka tirsdag.

Det bekrefter politiet i Molde overfor Rbnett.

I Eide er det sorg i dag.

– Det er ein trist dag i Eide, seier ordførar Egil Strand etter den tragiske ulykka der ein 16-åring frå kommunen omkom etter trafikkulykka tysdag ettermiddag.

16-åringen var nyleg avgangselev ved Eide ungdomsskole, der det vert flagga på halv stang.

Strand opplyser at kommunen onsdag formiddag held ungdomsskulen open for elevar og andre som vil samlast i sorga.

Onsdag klokka 19 vert også Eide kyrkje opna.

– Dei unge må finne sin eigen måte å bearbeide dette på, da kan det vere godt å kome saman på skulen og i kyrkja.

For dei som ønskjer det og har behov for det, vil prest, helsesøster og psykiatrisk sjukepleiar vere tilgjengeleg, seier Strand.

Han poengterer at ei ulykke som dette rammar ein liten kommune som Eide hardt.

– Det er ein tragedie, det kjennest særleg sterkt når det gjeld ein ungdom slik på starten av livet.

Vi er alle ramma av sorg og sjokk i dag, her kjenner alle kvarandre. Andre ting vert uvesentlege, seier Strand.

Ordførar i Eide, Egil Strand. Bildet er teke tidlegare. Foto: Oddbjørn Harnes