Dagleg leiar Richard Myhre presenterte situasjonen for Axtech AS.

- Vi har opplevd 12 fantastiske år, som kulminerte med reliasering av spektakulære off shore-prosjekt.

Vi hadde ein organisasjon som var bygd opp for store prosjekt, men etter 2015 var det slutt på denne typen oppdrag - omstilling var nødvendig.

På toppen tidleg i 2015 hadde vi 70 tilsette i Molde, og er etter tre nedbemanningsrundar no nede i 40 tilsette.

20 er sagt opp, 8 er ute etter frivillig avgang, og to midlertidig tilsette vert ikkje erstatta.

Det har vore tunge tak, men heldigvis har nesten alle av dei som måtte gå fått seg nye jobbar.

Resultatmessig gikk vi frå inntekt på 380 millionar, til 217 millionar i fjor. Med forteneste på 10 prosent er vi likevel godt fornøgd.

Vi ser at det er stor aktivitet i marknaden, men pengane er borte. Kundar har oppdrag, men er blakke.

Så kva gjer vi?

For framtida har vi fokus på å utvikle og styrke kjernekompetansen, tenke nytt og vere i kontinuerleg endringsprosess.

Vi må jobbe smartare, enklare og meir effektivt. Vi satsar på innovasjon, på å systematisere og forenkle, og på å industrialisere både innan design, logistikk og produksjon.

Vi utvidar også produktspekteret, og justerer forretningsmodellen innan produkt og oppfølging.

Fokus på nye marknader der vår kjernekompetanse har konkurransefortrinn (tunge løft),  fornybar energi, og ulike typar havnæring.

Olje og gass vil i lang tid vere ei stor næring, men vi ser også at alternativ energi kjem, sjølv om dette er ein liten del av det totale energibildet enno.

Andre eksempel er bygging av fartøy og utstyr for utleige også for off shore, i samarbeid med store aktørar.

Vi bygger da for eiga rekning - prisen er no halvparten av det den var for eitt år sidan -  og leiger ut heller enn å selje.

Her er det også nyskaping, mellom anna fartøy som kan legge rør på havbotnen, det har aldri vore laga før.