Høgre foreslo å forhandle med Molde og kommunar i Romsdal om å bli med i ein ny storkommune i Romsdal.

Robert Vik ville ha med romsdalsalternativet, som vart omtalt i Romsdals Budstikke onsdag denne veka.

– Eg har fått veldig mange reaksjonar frå folk i heile Vestnes. Dei er opprørt og kjenner seg lurt over at Romsdals-alternativet ikkje er med i vurderingane, sa Robert Vik.

Partifelle Johan Hjelvik understreka at Vestnes har ein lang og sterk tradisjon som romsdalskommune.

–- Vi manglar alternativet med Stor-Romsdal. Molde er motor i regionen, vi er med i ROR. Vi er knytt til Romsdal, det er stor pendling over fjorden. Molde er dessutan nummer to på innpendlingsstatistikken til Vestnes. Vi har så stort samkvem med Molde at dette må leggast fram som eit alternativ til innbyggarane våre, sa Johan Hjelvik.

Satsar på Rauma

Guttorm Kjelvik (Sp) viste til undersøkinga frå Telemarksforsking, som sa at Vestnes er uaktuell for Molde før Møreaksen er realisert. Han var positiv til samarbeid med Rauma, og la til at det ikkje betyr noko om administrasjonsstaden er Helland eller Åndalsnes, som er nesten like store.

– Eg er meir opptatt av samarbeid om legevakt og andre praktiske ting. Vi må sjå på framtida, eg har tru på Vestnes, sa Guttorm Kjelsvik.

– Telemarksforsking har ikkje fasiten, dei har gløymt ut mykje. Venstre ville ha med Molde som alternativ, men vi vart nedstemt. Det er kanskje likevel dit vi kjem, sa Martin Kjøpstad (V).

Kamp om funksjonar

Under debatten kom det fram at mange er usikre på korleis dette skal ende. Landkommunane på Sunnmøre har reagert negativt på at Vestnes krev å bli administrasjonsstad. Dette punktet vart også tatt ut under avstemminga.

Stod åleine

Skafta Helgason (SV) ville avblåse heile reforma.

– Vestnes bør stå åleine og ikkje bruke tid og krefter på ein såkalla kommunereform som er påtvungen av regjering og storting, foreslo Helgason.

Administrasjonssjef Tone Roaldsnes karakteriserte kommunereforma som usedvanleg komplisert.

– I intensjonsavtalen skal vi kome fram til namn, kommunevåpen, administrasjonsstad, politisk organisering og ei rekke andre ting, sa Roaldsnes.

Forhandlingane om intensjonsavtale skal vere fullført 20. mars, dette kjem opp til politisk behandling like over påske og skal vere ferdig 15. april. Deretter skal innbyggarane seie sitt før 8. mai, før vedtaket om framtidig struktur blir endeleg vedtak før jonsok. Kommunestyret vedtok at aldersgrensa for å delta i avstemminga blir 16 år.