I 3. divisjon skal Træff møte Verdal borte laurdag, medan Molde 2 tar imot Mo fredag. MFK 2 har i praksis sikra plassen, medan Træff lever farleg, berre to poeng unna direkte nedrykk. I neste runde møtest dei to Molde-laga til skikkeleg byderby på Reknesbanen.

Skjebnen til Træff i 3. divisjon blir også fulgt med spenning i divisjonane under. Rykker Træff ned, betyr det nemleg at eitt lag ekstra også rykker ned frå 4. og 5. divisjon.

Tabell 3. divisjon avdeling 5

KBK 2 opp, Eidsvåg ned

Slik situasjonen er akkurat no er dette avklart i 4. divisjon to runder før slutt:

Kristiansund BK 2 rykker opp som vinnar av 4. divisjon

Eidsvåg blir sist og rykker ned i 5. divisjon

Elnesvågen, Træff 2 og Frei kjempar for å unngå nest sisteplass som akkurat no gir kvalifiseringskamp mot lag nummer 3 i 5. divisjon. Træff 2- Elnesvågen blir ein nøkkelkamp søndag. Elnesvågen bør helst vinne denne om dei skal unngå 11.-plassen.

Helgas kampar (alle søndag klokka 15)

Kristiansund BK 2 - Eide/Omegn

Vestnes Varfjell - Surnadal

Eidsvåg - Sunndal

Træff 2 - Elnesvågen

Tomrefjord - Averøykameratene

Frei - Kristiansund FK

Tabell 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Midsund kan rykke opp søndag

I 5. divisjon kjempar fire lag om dei tre første plassane, der 1. og 2. plass gir direkte opprykk og 3. plass gir kvalifisering mot lag nummer 11 i 5. divisjon. Serieleiar Midsund kan sikre direkte opprykk om dei slår Dahle søndag. Malmefjorden/Ekko/Aureosen og Åndalsnes er dei andre laga med i opprykksracet, og begge har sjansen til å sikre anten opprykk eller kvalifisering med seier i dei to siste kampane. Dahle, på 4. plass, er truleg avhengig av seier mot Midsund og må håpe på at laga framom avgir poeng.

Rival og Averøykameratene 2 er alt klare for nedrykk.

Helgas kampar:

Molde FK 3 - Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen

Clausenengen - Bud

Averøykameratene 2 - Malmefjorden/Ekko/Aureosen

Smøla - Rival

Tingvoll - Åndalsnes

Midsund - Dahle

Tabell 5. divisjon Nordmøre/Romsdal

Alle premissane for opp- og nedrykk i lokalfotballen er gjort greie for av fotballkretsen her.