Dei syns ikkje det er kjekt å stå fram, og vil ikkje stemplast som negative. Dei vil berre ha svar på spørsmåla sine og bli høyrt i prosessen. Før vedtak blir fatta.

Naboar til bygget som kan bli asylmottak på Aukrasanden alt i byrjinga av juni er fortvila.

– Vi veit ingenting og har ikkje blitt høyrt eller fått ta del i informasjonsflyten i forkant av desse planane, seier Roar Johansen.

Han har sendt epost til kommunen på vegne av nabolaget, men fekk beskjed om at det blir halde informasjonsmøte etter at UDI har delt ut plassar.

Bygget inspisert av UDI

Romsdals Budstikke kunne tidlegare denne månaden fortelje at verksemda Safe House AS ønsker å kjøpe ASAS-bygget – tidlegare Fiskarfagskolen på Aukrasanden. Dei vil leige det ut til Link AS, dersom dei får tildelt plassar til å drive asylmottak.

UDI har alt inspisert bygget, som kan romme opptil 100 flykningar eller asylsøkarar. No sprer usikkerheita seg i nabolaget.

- Ein høyrer så mykje om kva som har skjedd andre stader. Difor vil vi vite meir om korleis dette kan påvirke oss som bor her, seier Johansen.

- Vi veit til dømes ikkje kven som eventuelt kjem. Er det familiar, er det einslege mindreårige eller andre? Er det flyktningar eller er det asylsøkarar? Korleis vil dei bemanne og vil det bli korte opphald, dersom det er asylsøkarar? Vi vil ikkje vere negativ, men føler usikkerheit i forhold til det som skal skje, sier han.

Vil bli høyrt

Spørsmåla er mange og naboane i Holmesundet, Kaltrøa og Aukrasanden treng svar. Det kunne ikkje ordførar Bernhard Riksfjord gje tidlegare denne månaden.

Då lova han informasjon, men treng først å vite meir om kva kommunen skal informere om.

Kan komme i juni

- Dersom det stemmer, det som er sagt, så kan dei første flyktningane vere her alt i byrjinga av juni. Det er ikkje lenge til. Vi føler vi ikkje har blitt høyrt i denne prosessen, og ber no om å få klarheit i spørsmåla våre i forkant, ikkje i ettertid, seier Monica Ilestad.

- Mellom anna vil vi vite kva bemanning som blir, og kva beredskapsplaner kommunen har dersom noko skulle skje. Mange av flyktningane og asylsøkarane som kjem til landet, har traumer – korleis vil dei handtere dette?

Aukra kommune har tatt imot 48 flyktninger det siste halvåret. Blant dei er 11 skolebarn og eitt barn i barnehage, fire er einslege mindreårige.

Kommunen har gjort vedtak om mottak av ytterligare 50 fram mot 2019, blant dei mange enslige mindreårige.