Måndag kveld mellom vêrmeldinga og sporten på TV 2 blir profilfilmen «Takk til bonden» med Kjersti Ellingsgård vist for første gong på tv.

Sjakktrekk

Bakgrunnen er at Felleskjøpet nyleg vann reklamekåringa Gullfisken, med filmen «En bonde fra eller til». Filmen viser med ein humoristisk vri Magnus Carlsen som ofrar bønder på sjakkbrettet – og bønders reaksjon.

Premien for denne filmen var ein million kroner i reklamesendetid på TV 2, og Felleskjøpet har kvittert for støtta med profilfilmen «Takk til bonden».

«Takk til bonden»

I denne filmen er Kjersti Ellingsgård frå Bolsøya hovudperson. I filmen fortel ho om korleis det er å vere bonde, vist gjennom ulike situasjonar på garden. Også mannen og dei to barna er med.

– Korleis kom du med i filmen?

– Eg har vore leiar i Molde bondelag i tre år, så som tillitsvald kjenner dei til meg i systemet. Og så har eg vel litt vanskeleg for å seie nei.

– Kva tenker du om å representerer den norske bonden på denne måten?

– Det kjendest litt skummelt, men også kjekt å få vise yrkesgruppa fram på denne måten. Det er viktig at bønder synest «året rundt», ikkje berre i samband med jordbruksoppgjeret. Det er bra at vi slik kan vise fram det vi held på med, seier Ellingsgård.

– Filmen viser eit yrke der det er vanskeleg å ta fri, og der du går i fjøset både den dagen du føder og den dagen du kjem heim frå sjukehuset. Kor tøft er det å vere bonde?

–Dei fleste dagar er bra, men det kan vere tøft å vere på jobb 24 timar i døgnet, året rundt. Ein har aldri helt fri, oppgåvene er der uansett om ein er sjuk eller frisk. Ofte kan det vere vanskeleg å få tak i avløysar. Så ein må nok verkeleg ville det, og brenne for yrket for å halde ut. Å vere bonde er eit fysisk yrke med ein god del kroppsarbeid, sjølv om ein bruker maskiner til mange oppgåver.

Alvorleg

– Filmen «En bonde fra eller til» er humoristisk, men tek eigentleg opp eit alvorleg tema. Den fokuserer på at landbruket er under press og at mange bønder gir seg. I løpet av dei siste 10–15 åra er talet på bønder halvert. Så bodskapen er at bønder gjer ein viktig jobb, og at vi ikkje har bønder å miste, poengterer Ellingsgård.

– I helga er det fylkesårsmøte i Møre og Romsdal Bondelag, kva ser du som mest interessant der?

– Næringskonferansen på fredag vert spennande, der skal både fagpersonar og politikarar delta. Det er viktig at det er ein god dialog mellom næring og dei som legg rammer, så vi kan forstå kvarandre. Og at det vert forstått kva som er viktig for å overleve som bonde.

– Men landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) seier at Vestlandsbøndene tener langt betre enn dei gir inntrykk av?

– Tja. Det er ikkje lukrativt å vere bonde, om ein begynner å telje timar så er det ikkje godt betalt. Spesielt på små vestlandsbruk der lettvint drift er uråd. Det kan vel vere at større bruk har hatt inntektsauke, men for dei mindre bruka har inntektene gått ned. Dette handlar om ei strukturrasjonalisering som vi synest er uheldig. For min eigen del kan eg berre seie at eg ikkje har teke ut lønn sidan eg starta, alt er gått inn i investering i utstyr, seier Kjersti Ellingsgård.

Kjersti Ellingsgård på Bolsøya er leiar i Molde bondelag, og aktuell i profileringsfilm om landbruket. Foto: Felleskjøpet
Humoristisk protest på «bondeoffer». Foto: Fra video