Arendal: – Nokre har lagt seg på den lina at antibiotika ikkje er god nok til å ta borreliosen. Vi meiner antibiotika verkar godt for å ta knekken på bakterien, men ein kan få langtidsplager etter at infeksjonen er borte, seier Eikeland.

Standardbehandlinga for påvist borreliose er i Noreg, og dei fleste andre land, to til fire veker med dagleg antibiotika.

– Forsking viser at det er ingen grunn til å ta antibiotika i meir enn fire veker, seier Eikeland.

– Kvifor vel nokre likevel å ta antibiotika over lengre periodar?

– Det kan vere vanskeleg å akseptere at infeksjonen er behandla, men at vi har ingen medisin for restplagene dei har. Det er ingen god beskjed å få. Når det offentlege ikkje kan finne ei forklaring og ein kur, så er det menneskeleg å ville finne andre løysingar, fortel Eikeland.

– Kvifor har ikkje det offentlege ei forklaring?

– Det er ikkje alt vi veit enda. Vi skulle gjerne gitt dei det, men vi veit enda ikkje kvifor nokre får plager etter at infeksjonen frå borreliosen er borte, seier nevrologen.

Borreliose som sjukdom har ikkje vore kjent i meir enn 30 år. Sjukehus over heile landet, inkludert Molde sjukehus, arbeidar no over fleire år med ei studie om akkurat langtidsplager etter enda borreliose.

Samstundes tilbyr private klinikkar, til dømes i Polen og Tyskland, ei løysing i form av langvarig antibiotikabehandling.

– Nokre seier dei vil prøve å hjelpe folk. Dei meiner det ikkje er tid til meir forsking, så dei tar i bruk behandlingar som det ikkje er påvist effekt av enda, seier Eikeland.

– Kor godt funkar behandlinga dei private klinikkane gir?

– Nokre pasientar kan føle seg betre av antibiotika over lengre tid, men det er ikkje sikkert at det er ein infeksjon som behandlast. Antibiotika bør berre brukast til å behandle infeksjonar, for å unngå utvikling av multiresistente bakteriar.

– Korleis kan nokon gå fleire år utan diagnose i Noreg, men få det med ein gong ifrå private klinikkar?

– Det botnar i usemje om korleis ein skal tolke prøvesvar. Private klinikkar tar gjerne fleire testar, og dei gir verdiar som ikkje naudsynleg seier noko om borreliose, seier Eikeland.

Ho fortel òg at dei same verdiane kan gå ned under behandling, men at det heller ikkje er synonymt med ei betring hjå pasienten.