Som kjent har Helse Møre og Romsdal gått med store underskot sidan det starta for seks år sidan. Så langt ser det ikkje ut som at dette snur i 2017 sidan tala for mars ikkje ser fine ut: 25 millionar kroner under budsjett. Så langt i år, korrigert for pensjon, ligg Helse MR 36 millionar under budsjett, medan St. Olavs og Nord-Trøndelag er på nivå med sine budsjett.

Torsdag var det styremøte i Helse Midt-Norge, der økonomisk status stod på saklista. Styret tok da situasjonen til orientering, seier Tor Harald Haukås, kommunikasjonsdirektør i Helse Midt.

– Diskuterte styret underskotet i Helse MR, og korleis vil du i så fall samanfatte diskusjonen, Haukås?

– Styret ser utfordringa og veit at dette er vanskeleg. Samtidig ser dei at Helse Møre og Romsdal har ein plan for å finne årsakene og betre økonomien, og har tillit til at Helse MR vil ta fatt i dette arbeidet på ein god måte, seier Haukås.

Styret i Helse Møre og Romsdal har møte 9. mai. Der er forslaget til vedtak at styret tar status for mars til orientering, og at styret er uroa over utviklinga i mars og ber administrasjonen om å sette i verk dei tiltaka administrasjonen foreslår for å få kontroll på økonomien.

– Kor lenge kan Helse Midt sitte og sjå på underskot år etter år etter år, utan å ta sterkare grep?

– No er ein ny administrasjon på plass, med ny leiargruppe. Dette er viktig for å få gjennomført tiltaka. Det er rett at føretaket har ei lang historie med underskot, men no må ei ny leiing få lov til å gjere jobben, seier Haukås.

– Kva for konsekvens har dei årlege underskota for pasientane i Helse Møre og Romsdal?

– Der er situasjonen ein annan. Møre og Romsdal jobbar veldig godt med pasientbehandling og kvalitet, seier Haukås.

Medan St. Olav og Nord-Trøndelag så langt i år, ligg på budsjett, ligg Helse Møre og Romsdal 36 millionar kroner bak budsjett, korrigert for pensjon. Foto: Helse Midt-Norge