blitt fiskarbonde fullt ut. Då er det den agrare delen av standsnemninga eg bokstaveleg tala har dyrka fram. Eg har late torsk, sei, hyse og kveite svømme sin eigen sjø ein periode. Gulrot, reddik, kål, blomkål og sukkererter har grodd fram i staden. Slike jordlege syslar har tidlegare interessert meg berre slik måteleg. Men med ein dags bleik solvarme i april kom spiren som sette fart i interessa.

Eg fører vel på mange måtar familietradsjonane vidare når eg får mold under naglane ute på øya mi. Foreldra mine var flinke til å så og hauste av det naturen gav. I kjøkkenhagen var det all slags grønnsaker, i drivhuset far bygde langs eit snautt berg, vaks tomat og agurk. Ikkje alt var like villig på den værharde øya, bærbuskene bar berre måteleg avling, til gjengjeld var rabarbraen var svært så villig i moldrike bergsprekker.

Men hagebruk går ikkje vidare berre borne av familietradisjonar. Eg må gjere mine eigne erfaringar. Dei kan ofte bli dyrekjøpt. Og i botnen ligg hardt arbeid og kjærleg stell.

Det heile byrja med eit ynskje om å få attende humla som klatra oppover nordveggen på huset vårt i barndommen. Av ein eller annan grunn kom den bort. Men av Turid på fyrstasjonen fekk eg vite at den levde vidare i deira jord. Ho hadde fått stiklingar av far min, som no dekker heile inngangspartiet på fyrstasjonen. Og det er rikeleg med stiklingar å ta av.

Slik gjekk det til at humla kom attende til røtene, i eit oppspadd bed ved nordveggen i Salstunet. Littt pjusk enno, med nokon av skudda lever og eg har god tru på at dei skal bli til fordums storleik.

Turid har elles vore min hagebrukskonsulent denne våren, ho har ein flott kjøkenhage oppe ved fyrstasjonen, og ved sidan av gode råd har eg av henne fått stiklingar og planter til pallekasser og bed.

Når dei tyngste taka skulle gjerast, piska eg ut kompisen min, Bjørn, som dreng. Han ynka seg stundom, når taka vart for tunge, eller når tempoet vart for hardt, men innretta seg etter bondens direktiv og heldt ut. Snart var pallekassene fylte med sandblanda jord, og isådd med løk og persille, reddik og nepe, gulrot og salat. Hageflekken der drivhuset sto vart reinska for lange løvetannrøter, eller kappilaup som vi seier i Ytre Romsdal, dekt med plast og planta i med ei rad blomkål, ei rad sommarkål og inst mot berget sukkererter.

Det heile såg svært lovande ut. Men det er noko i meg, som eg trur må vere genene etter far min. Han kunne ikkje få gjødsla nok. Det vert fortalt at han som unggut brukte innhaldet frå pissepotta til å vatne potteplantene til mora med, då han nokre dagar vart åleine i heimen og vart beden om å passe plantene. Logisk, han hadde jo sett kva bøndene brukte til gjødsel. Men nok i kraftigaste laget for potteplantene.

Frå min eigen barndom hugsar eg at han ein vår fekk det for seg at han skulle plante gresskar. Dette var før vi fekk innlagt klosett, så innhaldet i stampen frå utedoen fekk gjere nytta som gresskargjødsel. Den vart tømt i eit hjørne av hagen, eit tynt lag med jord vart lagt oppå, og gresskarplantene planta ut. Framover sommaren og hausten fekk vi digre, runde gresskar frå hagen i Salstunet. Ingen spurde kvar dei kom frå, men mor vaska dei grundig før dei vart oppskorne og sylta.

Same tankegang var det nok som rei meg då eg såg kålplantene henge litt med hovudet etter utplanting. Her må det det gjødsling og vatning til. Utedoen er heldigvis historie, bluecorn-gjødsel frå Plantasjen fekk gjere nytta. 4-5 nevar vart rørt ut i vatnet, som så vart fordelt på kvar enkelt plante. Instruksjonen på posen brydde eg meg ikkje med å lese.

Men der slo nok pissepotteeffekten inn att. Neste dag låg alle planter visne og flate. Eg skjøna etterkvart at det nok var ei overdose bluecorn som var årsaken. Eg prøvde å vaske ut jorda med reint vatn, og etter nokre dagar løfta dei seg litt. Om kålen har fått varige hodeskader gjenstår å sjå.

I midten av april såg eg også den første humla i hagen, altså den med venger, ikkje den med røter. Og inspirert av eit innslag i «Ut i naturen» ga eg meg i kast med å snekre humlekasse. Tørka vått gras i bakaromnen, som eg kledde kassene med. Og innerst eit rundt lite rom kledd med vatt. Eg hadde lese meg til at humla gjerne laga seg bol i musebol som ho lukta seg fram til, og at det kunne vere gunstig å ha deler av eit musebol i kassa. Vinterens mest museutsette rom i kjellaren vart sopa for muselort som vart strødd i kassene. Til slutt vart fronten gulmåla. Gult skal ha ein tillokkande effekt på humla.

Sidan det har eg knapt sett ei humle. Eg har prøvd å lokke henne med oppskorne druer, bananskal og rognebærgele på trammen, men framleis ikkje teikn til liv i mine tre humelkasser.

Eg har altså hatt to humleprosjekt gåande i vår. Men når eit tredje humleprosjekt banka på ei helg i april, vart det for mykje. Sangkoret Humla frå Molde skulle ha konsert på forsamlingshuset Stormly. Det vart berre surr.

Travel fiskarbonde som eg var melde eg pass. Eg let Humla suse.