Det seier Torgeir Dahl, ordførar i Molde. Kommentaren gjeld det faktumet at IMDI har krympa talet på flyktningar dei no ber Eide, Gjemnes og kommunane i Romsdal om å ta imot. I 2015 ba IMDI desse kommunane planlegge for 306 flyktningar. Det talet er no krympa til 210, altså 94 færre.

Og – mest dramatisk – talet på einslege mindreårige som IMDI ber kommunane her busette, er krympa frå 100 til 11, for dei ti kommunane samla.

Bakgrunnen er den store straumen av flyktningar og asylsøkarar til Norge hausten 2015. På det meste sat 31.943 asylsøkarar i norske mottak, i november 2015. Eit år seinare, i november 2016, var talet meir enn halvert, til 14.910.

25 færre flyktningar kvart år

Molde får dei største endringane i reine tal:

– Ut frå IMDI si opphavlege oppmoding, har Molde vedtatt å ta imot 110 flyktningar kvart år. Så kom dei med ein ny og redusert førespurnad i oktober, på 85 flyktningar per år, der sju skal vere einslege mindreårige, seier ordførar Torgeir Dahl (H).

Og:

– Formannskapet har vedtatt å rette seg etter den nye oppmodinga frå IMDI. Det betyr 25 færre flyktningar kvart år.

Einslege mindreårige frå 40 til 7

Det er talet på einslege mindreårige som har krympa mest. For Molde har ønsket frå IMDI gått ned frå 40 til sju

Det kommenterer Dahl slik:

– Molde kommune sitt opphavlege vedtak var å ta imot inntil 8 einslege mindreårige kvart år. Vi retta oss etter totaltalet på 110, men var ikkje parate til å ta imot 40 einslege mindreårige. Det hadde mellom årsak i manglande statleg finansiering for denne gruppa, med ein eigendel på 20 prosent. I tillegg har vi vore kritiske til bruken av midlertidig opphald for denne gruppa.

– Den nye dimensjoneringa for einslege mindreårige er dermed i tråd med det opphavlege vedtak vårt, berre med ein reduksjon frå 8 til 7.

Krevjande endringar

Store endringar er ikkje heilt uproblematisk, ifølge Dahl:

– For Molde er det sjølvsagt ikkje ønskeleg med sterke endringar i talet på flyktningar. Vi har bygd opp ein kompetanse og kapasitet som er tilpassa oppmodingane frå IMDI. Kommunen si avtale om partnarskap med IMDI er basert på å tilby høg kvalitet i mottaksapparat vårt. Stadige endringar i omfanget, både opp og ned, er krevjande. Men vi meiner Molde kan handtere dette, seier Dahl.

Familiegjenforeining

Men det er ikkje berre «nye» flyktningar som påverkar talet kommunane skal busette:

– Uansett ser vi at talet på familiegjenforeiningar utgjer mellom 20 og 35 kvart år. Så noko uvisse må vi leve med, seier Dahl.

Tettare oppfølging, men dyrare

Når talet no går ned, betyr det at Molde kan ha ei viss overkapasitet, påpeiker ordføraren.

– Det kan bety tettare oppfølging av flyktningane. Men det gir også kommunen ei auka økonomisk belastning.