Molde: – Festivalen blir eit pilotprosjekt i år. Vi går nok ikkje med overskot, men om alt går bra, så håpar vi å gjere det til ei årleg hending, seier Fremstad.

Festivalen vil finne stad på Hjertøya, 10 minutt med båt ut i Moldefjorden.

– Vi har sett ei maksgrense på 500 deltakarar. Det blir ein «venners venner fest», men her blir det først til mølla med å skaffe billett, seier Fremstad, og fortel at det allereie er selt 170 billettar.

Noko anna enn jazz

Alle artistane er ikkje booka enda, men det blir for det meste musikk innan sjangrane elektronisk og house.

– Eg jobba sjølv som DJ i Molde på 80-talet, og det var da eg først fekk idéen om ein festival på Hjertøya. Eg veit at Molde er ein fantastisk musikkby, folk der skjønner musikk. Derfor blir det spennande å ta med noko som lenge har vore populært andre stader i verda, opp til Romsdal, seier Fremstad, som er frå Fagernes men har alliert seg med venner frå Molde for å få arrangementet på beina.

Dugnadsånd

Festivalen blir i begynninga av september, men Hjertøybåten sluttar å gå i august. For å få deltakarar ut til øya satsar arrangøren på velvilje frå lokalbefolkninga.

– Det meste av arrangementet blir basert på frivillig arbeid. Vi vil få frivillige båteigarar til å køyre festfolket over til øya, og vi treng mange frivillige før, under, og etter festivalen til å rigge scener og gjere litt forskjellig arbeid, fortel Fremstad.

Overnatting blir på øya i telt deltakarane sjølv tek med seg, ifølgje arrangøren. Dei rår òg deltakarane til å ta med seg alt dei treng for ei helg til øya, for den næraste daglegvarebutikken er på fastlandet.

Rusa på musikken

– Den viktigaste rusen på øya blir musikk, seier Fremstad.

Aldersgrensa for heile arrangementet er ikkje sett enda, men arrangøren seier det blir eit skjenkeområde med øl. Dei oppfordrar også deltakarane til å respektere lova, og halde seg unna andre stoff under festivalen.

Finansiering

Billettprisen er berre 200 kr, men festivalarrangørane vil ikkje kommentere korleis dei skal få det til å gå rundt, med den lave prisen.

Festivaldraum: Odd Roger Fremstad frå Fagernes er klar for Hjertøya i sommar. Foto: privat