– Spennande!
Det seier skogeigar Stig O. Jacobsen om at dei grøfta delane av Aspåsmyran no blir restaurert tilbake til naturleg tilstand.
– Når styresmaktene vel å prioritere ei slik satsing, så er det naturleg for meg å vere positiv til det. Som folk flest i desse tider, er vi opptatte av miljø. Ekstra spennande er det jo at dette blir omtala som eit pionerprosjekt i Norge.
Tiltaket kjem ikkje i konflikt med verksemd han driv.
– Området er verna, og blir berre nytta til jakt og friluftsliv. Det er ikkje noko i vegen for å halde fram med det, seier han.
Aspåsmyran blir restaurert tilbake til naturleg tilstand
Forvalta, kjøpte, selde, kjøpte
Frå 1500-talet og framover forvalta familien hans området for kyrkja. I 1786 kjøpte Aabak – ein tipp, tipp tipp, tipp – eigedomen frå kyrkja.
Så – i 1898 – var det ein oldefar som selde skog- og myrområdet til staten. Ein annan oldefar selde ein annan eigedom ved sidan av, også til staten.
– Staten kjøpte eigedomar på den tida for å bygge opp kjempestore skogområde.
Etter å ha sete med eigedomen i over hundre år, selde staten seg nyleg ut igjen. Det var kravet Stortinget sette, etter at Statsskog kjøpte Borregaard skogar på Austlandet.
– Då fekk eg høve til å kjøpe området tilbake. Eg var også den einaste som gav tilbod.
Det blei debatt om området skulle delast eller ikkje. Men Statsskog ønska å behalde det samla, og selde til Jacobsen.
Har lege brakk i 40 år
Myrområdet som blir restaurert, blei grøfta på 70-80-talet.
– Tanken var å begynne skogdrift der, men det blei ikkje. Myrane har lege brakk i 40 år.
– Så den grøfta myra har sleppt ut store mengder CO2 i 40 år, i staden for å lagre?
– Nettopp.
>>>>>>>>>
Presisering
Stig O. Jacobsen ervervet området han nå eier på Aspåsmyran, via to ulike kjøp fra Statsskog. Angvikli-eiendommen, tidligere eid av hans oldefar i Angvika, kjøpte han våren 2013, som eneste tilbyder. Til Aabak-eiendommen, før eid av hans oldefar på Aabak, var det først tre, så to tilbydere. Også denne eiendommen kjøpte Jacobsen i 2013. Begge eiendommene eies og forvaltes via selskapet Angvik Aabak Skog. Tiltaket for CO2-fangst befinner seg sør for Angvikelva. Deler av Aspåsmyran nord for elva eies av Aspås-gardene og flere andre.