Adm. dir Odd Tore Finnøy presenterte situasjonen for Brunvoll AS.

- Marknadssituasjonen er den vanskelegaste på fleire tiår. Etter bra ordretilfang i 2015, er situasjonen verre i år, og er forventa enda vanskelegare i 2017.

På Offshore Support Vessels (OSV)-marknaden er det tilnærma dødt. OSV har gått frå største segment til nærmast null på 12 månader.

Men andre segment som har betre tider kan kompensere, vi har auka ordreinngang fra cruise, fiskeri, forskningsfartøy, brønnbåter, mega-yachts og shuttletankarar.

Vi må forvente større konkurranse i alle segment, og tilpassar kapasiteten til lågare aktivitet.

Frå 330 tilsette inkludert 15-28 lærlingar, skal vi ned på 300 tilsette ved neste årsskifte. Justeringa er gjort ved at 20 er sagt opp, og 10 går ut ved naturleg avgang. Vi vil prøve å beholde lærlingar, det er viktig. Vi har ingen planer om ytterlegare tilpassing, men korleis det ser ut i 2017, veit vi ikkje enno.

Vi har hatt positiv effekt av valutautviklinga, men ser at ordresituasjonen er meir sårbar med utsettingar og kanselleringar. Det skal mykje til å erstatte bortfallet av ordrar og inntekter frå off shore- segmentet.

Etter toppåret 2012 med omsetning på ein knapp milliard, er vi no nede på knappe 800 millionar kroner, og håper å halde oss på det nivået.

Vi er framleis mellom dei mest lønsame bedriftene, og er fornøgde med driftsmargin på om lag på 8 prosent.