Direktør Terje Korsnes presenterte situasjonen for National Oilwell Varco.

– For eitt år sidan sa eg på tilsvarande arrangement at vi stod framfor store utfordringar. Eg fekk rett, og har heller ingen gode spådommar no. Marknaden er tøff, og status er at vi må justere den ekstreme leveringskapasiteten vår ned.

I Norge har NOV nedbemanna 3.000 tilsette i tre rundar, dette har som kjent også ramma Molde. For halvtanna år sidan var vi over 500 tilsette her, no er det 120 igjen. Dramatisk nok måtte vi legge ned på Hjelset, der dei tilsette har sin siste arbeidsdag om eit par veker.

I ein slik situasjon går det mange rykte, men eg vil slå fast at vi har ingen planar om å legge ned i Molde, og vi vil ikkje selje unna på Hjelset.

Vi skal ta vare på eigedommen, vi trur at vi vil få bruk for den vidare, og vil sjølv stå som eigar.

I Molde har vi effektivisert og slått saman ingeniøravdelingar, men det betyr ikkje at vi sluttar å levere tenester.

Marknadssituasjonen for selskap som NOV ser ikkje lys ut. Det er overproduksjon og stor ubalanse mellom tilbod og etterspurnad for boreriggar, globalt ser vi at nybygde riggar går direkte i dokk når dei er ferdig. Først i 2020 reknar vi med at behov og etterspurnad vil møtast.

2017 blir eit tøft år, og også tida vidare framover er prega av stor uvisse for NOV.

Oljeselskapas reduserte investeringar har medført kraftig reduksjon i ordreinngang og ordrereservar, der også allereie inngåtte ordrar vert kansellert. Avtalevilkåra vert dårlegare, vi ser husmannskontraktar som vi er svært skeptiske til.

Vi må tilpasse oss aktivitet på eit vesentleg lågare nivå, samtidig som vi må førebu oss på ny oppgang når den måtte komme, og behalde kritisk kompetanse.