– Investeringsbehova er store. Det slo Siv Janne Håseth-Eik fast, da ho nyleg orienterte formannskapet i Midsund om IKT-stoda i skulane i kommunen, og om situasjonen sett i høve til den nye ROR-IKT-planen som kjem til politisk behandling i haust.

Håseth-Eik er rådgivar for oppvekst og skole i Midsund kommune, og har leia faggruppa for oppvekst og utdanning i ROR IKT, som på oppdrag frå ROR-IKT-styret har utarbeidd framlegget til strategiplan for opprusting av IKT i skolen.

– Paradoks

– Midsund kommune er nok slett ikkje der vi burde vere, sa Håseth-Eik, og viste til at skulane på grunn av krevjande økonomi ikkje har brukt ror-IKT sine innkjøpsavtalar. I staden er det kjøpt brukte pc-ar.

– Desse maskinane kan ikkje inngå i felles oppdateringar som ligg i ROR-IKT avtalen, men må oppgraderast ein og ein. Dette er tidkrevjande, og eit paradoks når kommunen betaler for tenesta utan å kunne bruke den, sa Håseth-Eik.

Investeringsbehov

Både Raknes og Midsund skule melder no om store behov for investering på IKT-utstyr, til saman over 800.000 kroner. Rektor ved Midsund skule opplyser at det av økonomiske årsaker ikkje har vore kjøpt inn datamaskiner verken til elevar eller lærarar dei siste to åra. Skulen har om lag 65 datamaskiner, meir enn 15 er nær 10 år gamle, ifølgje rektor.

– Få og dårlege maskinar fører til store utfordringar i dagleg drift og undervisning, oppsummerer rektor. Han anslår at investeringsbehovet samla er på 540.000 kroner.

Håper på nettbrett

Ved Raknes skule er det ønske om å ta i bruk nettbrett i begynnaropplæringa.

– Planen er at alle elevar frå 1.- 4. på sikt skal utstyrast med kvart sitt nettbrett, skriv rektor. Han opplyser at skulen har investeringsbehov på 284.000 kroner for ikt-utstyr.